nyhende

Einar Økland trur eit bokbad med servering vil gå heilt fint, og håpar dei serverer noko lokalt brygga.Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Einar Økland trur eit bokbad med servering vil gå heilt fint, og håpar dei serverer noko lokalt brygga.

Einar Økland (82) trur bokbad med skjenking går fint i Sveio. Men han ønskjer seg lokal leverandør.

Forfattar og sveibu Einar Økland (82) trur det vil gå heilt fint for Sveio bibliotek med alkoholservering på bokbad. Sjølv håper han mest av alt at det vert noko lokalt som serverast.

Publisert Sist oppdatert

— I rikssamanheng så er ikkje dette noko nytt, seier forfattar og sveibu Einar Økland til Vestavind.

Han ser på seg sjølv først og fremst som ein observatør i saka, men trur at eit bokbad med servering vil gå fint, også i Sveio.

— Eg har opplevd det på Deichmanske bibliotek i Oslo og folkebiblioteket i Haugesund, seier han.

— Bra med engasjement

Økland er einig i at biblioteket skal vere for alle, noko både biblioteksjef Kristine Thorkildsen og innsendar av lesarinnlegget Otto Inge Molvær har argumentert for.

Han synast det er bra med lokalt engasjement rundt litteratur og bibliotek. I sin tid har han vore på mange arrangement som vart både med og utan servering, og hans konklusjon er at det ikkje har så mykje å sei.

— Lesing førar til lesing trur eg, seier han.

Eit utvida tilbod der ein til dømes kan få noko å drikke eller spise på biblioteket, er i hans auge positivt.

— Stort sett er all servering ein trivselsfaktor, seier Økland.

Han er ikkje uroa for at det skal verte noko problem rundt ein skjenkeløyve på det komande bokbadet. Det er ikkje der ein går om ein berre ynskjer å drikke alkohol, meiner han.

Sjølv har han i hovudsak eit ynskje om servering på bokbadet, at ein tenkjer lokalt.

— Me har ein flott leverandør av lokalt brygga øl, og den håpar eg dei kan teke i bruk, seier han

Sjef for Haugesund Folkebibliotek Siri Vikse seier dei har berre gode erfaringar med servering på arrangement.

Berre gode erfaringar

Ein som har lang erfaring med servering på bibliotek er sjef for Haugesund Folkebibliotek Siri Vikse. I fleire år har ho arrangert bokbad og kulturhendingar der gjestar har kunne nyte alkohol om ønskeleg.

— Me har ingen negative erfaringar med overstadig rusa personar, eller nokon som har skapt problem, seier Vikse.

Haugesund Folkebibliotek hadde lenge det som heiter ambulerande bevilling, som betyr at dei søkte til kvart arrangement. Etter nokre år la kommunen om slik at dei fekk permanent løyve, ifylgje Vikse.

— Det er fint til større hendingar og bokbad. Me bruker det nokre gonger i løpet av året, seier ho.

Deira arrangement med servering har ikkje vore ekskluderande for mindreårige. Vikse understrek at dei sjekkar kven som kjøpar og at det er ofte kontrollar. Ifylgje ho har løyva vore positivt for biblioteket og tilbodet.

— Det skal vere ein møteplass og levande arena for samfunnsdebatt. Ved å ha servering ved sånne spesielle anledningar så får me ein større breidde av folk vi trekk til oss, seier ho.

Powered by Labrador CMS