Arne Valen, Sveio Senterparti.
ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK
Arne Valen, Sveio Senterparti. ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK

Eit demokratisk problem

Når meir enn halve kommunestyret i følgje Vestavind seier nei til å stå på liste til neste års kommuneval og partia slit med å rekruttere nye kandidatar, då har me eit demokratisk problem i Sveio.

Det kan vere krevjande å være kommunepolitikar. I Sveio har det vore eit par krevjande saker om fylkestilhøyrsle og skulestruktur der kommunepolitikarar fekk «køyrt seg» i sosiale media. Det blir ikkje nemnt som årsak når Vestvind intervjuar kandidatar som vil gje seg i politikken. Politisk arbeid stel tid frå familieliv og andre interesseområde. Her kan me politikarar leggje betre til rette for at folk stiller til val. I Sveio er alle politiske møte på sein ettermiddag eller kveldstid. Det kan hindre i særleg grad unge med born frå å engasjere seg politisk.

Politiske møte bør flyttast til dagtid. I grannekommunar har ein gjort det. I Stord kommune startar til dømes kommunestyremøta kl 12:00. Det blir dyrare for kommunen ved at ein då må frikjøpe representantane frå arbeidet dei elles har. Det er verd prisen om det bidreg til å få engasjerte folk i alle aldrar til viktige politiske verv. Då kjem demokratiet i Sveio styrka ut.

Arne Valen

Kommunestyrerepresentant Sp
Leiar i Kontroll- og Kvalitetsutvalet