nyhende

Lars Kristian Reiersen Vaka, Tuva Ottesen og Sebastian Westergaard foran undergangen dei var med å gjere graffiti i.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Lars Kristian Reiersen Vaka, Tuva Ottesen og Sebastian Westergaard foran undergangen dei var med å gjere graffiti i.

Erstatta hatefulle ytringar med grafitti-kunst

Lokalbefolkninga i Førde såg seg lei av at nokon spreidde hatefulle ytringar i undergangane i bygda. I helga tok ungdomslaget grep og inviterte til grafitti-workshop.

Publisert Sist oppdatert

Hei hei, ropar Vestavind forsiktig då me kjem gåande mot dei oppmøtte.

Eit stykke inn i undergangen nedanfor gjenbruksløo i Førde står dei, tre ungdommar og ei vaksen.

Dei vinkar tilbake, og på vegen bort til dei får Vestavind sjå seg rundt på all graffitien.

Etter ein kort hilserunde vert me kjent med Tuva Ottesen, Lars Kristian Reiersen Vaka, Sebastian Westergaard og Vibeke Helgesen.

Tuva Ottesen foran Jigglypuff som ho farga.

Tuva går i femte klasse, Lars Kristian og Sebastian i åttande, og Vibeke er styremedlem i Førde Ungdomslag.

Dekka over hatbodskap

I helga var dei fire saman med mange andre samla for å ha graffiti-verkstad og spraya. Det var heldt av lokal gatekunstnar Leif Stian Nes. Han har drevet med graffiti sidan 1999 og brukar for det meste sprayboksar.

Sjølv om det var eit koseleg arrangement i helga, står bakteppet til kvifor dei fekk spraya undergangen i sterk kontrast. Der var det tidlegare i år spraya fleire hatefulle bodskap mot jødar.

Det vart sidan malt over. Og takka vere ungdommar i Førde, er det no ein flott undergang som er pynta opp med fargar og figurar.

Lars Kristian Reiersen Vaka foran sitt verk.

— Eg har farga denne, seier Tuva.

Ho visar fram ein skapning mange vil gjenkjenne frå Pokémon-universet, nemleg figuren Jigglypuff.

— Kjenner dykk til Pokémon?

Ungdommane nikkar anerkjennande.

Rett under figuren til Tuva finn me kva Lars Kristian har farga.

— Eg spraya denne her, seier Lars Kristian.

Fire kraftige blå bokstavar seier «VEST».

For å sjå kva graffiti Sebastian har gjort må me snu oss til den andre veggen i undergangen.

Sebastian Westergaard foran det han var med å laga.

— Dette er min, seier Sebastian

Han stillar seg føre eit både skrikande og smilande bodskap som seier «BOOM».

— Kva synast du om graffiti, likte du det?

— Ja, det var gøy, seier Sebastian.

Veldig flinke ungdommar

Nes har mykje ros til ungdommane. Det begynte litt rolig, men det endra seg raskt når dei fekk anda over seg.

Snapchat-logoen er å sjå i undergangen.

— Det gjekk ein times tid før det lausna, og då var kreativiteten i 100 og dei tok heilt av, seier Nes til Vestavind.

Han laga fleire skisser på veggane som ungdommane kunne fargeleggje, men dei spurte om å få lage eigne også.

— Dei fekk skisse opp og kom med mange gode idear, seier han.

Han synast det er fint dei fekk dekka undergangene i Førde, og trur dei no vil få stå i fred sidan dei er så fint dekorert.

Hatbodskapet er anti-semittisk

Forstandar i Det Mosaiske Trossamfund Ervin Kohn har vore førelagt nokre bilete og setningar som vart tagga på undergangane i Førde.
Som en leiar i det jødiske trusamfunnet i Noreg er han ikkje i tvil om bodskapet.

— Det er ein gamal konspirasjonsteori og anklage at jødar styrar verda, Noreg, regjeringa og Stortinget, eller media, seier han til Vestavind.

— Slike anklagar er antisemittiske, heilt uavhengig av intensjon. Ytringa er antisemittisk, seier han.

Forstandar i Det Mosaiske Trossamfund Ervin Kohn er ikkje i tvil om bodskapet til tagginga.
Powered by Labrador CMS