nyhende
Fullt hus for Ravatn på Valenheimen
Det vart trongt og koseleg i Valenheimen då Agnes Ravatn held boklansering av si nye roman Gjestene. — Den beste tilbakemeldinga er at lesarane gløymer seg bort og berre les, seier ho til Vestavind.
Sjølv om det er eins fyrste gong på Valenheimen er det tydeleg kvar det er. Ved eit vegkryss er alle parkeringsplassane tekne, og folk har byrja parkere improvisert men ryddig.
Folk kjem ruslande når Vestavind går mot inngangen, og me vert bedt om å teke på nokre blå posar på skoa.
— Me ynskjer ikkje å måtte vaske, seier vertinna.
Det er flust av folk som har møtt opp for å sjå det lokale stjerneskotet Agnes Ravatn. I stova er det ikkje ein einaste ledig plass sjølv om det er meir enn eit kvarter til det byrjar. Gangen har vorte omgjort til sitjeområde nummer to, og der er det også fullt.
Der sit mellom anna Einar Økland, Valevåg si andre store forfattar.
Lukta av kaffi og kakar dreg ein mot kjøkenet, der mogelegvis den største godbiten i kveld er å finne, forfattar Agnes Ravatn.
— Gratulerer så mykje, korleis har mottakinga vore?
— Takk, den har vore over all forventning. Både frå lesarar og salgstal.
Inn på boklistetopp
Ravatn og Gjestene gjekk rett inn på fjerde plass på lista over mest selde skjønnlitteratur. Den klatra til tredje før den no ligg på femte plass etter tre imponerande veker.
— Korleis er det å hamne på lista i første veke? Og så høgt?
— Den såg eg ikkje kome, seier Ravatn.
Ho har fått terningkast fem i dei to riksdekkjande avisene VG og Dagbladet.
— Det er kjempe-nervepirrande. Eg er fornøgd med mottakinga sånn sett, seier Ravatn.
Lesarane er viktigast
Sjølv synast ho den største rosen kjem i frå lesarane.
— Folk seier dei ikkje klarar å leggje den frå seg, og det liker eg veldig godt å høyre. Særleg i denne distraksjonsalderen kor ein har skjermar overalt. Eg veit sjølv kor godt det er å bli soge inn i ei handling. Så eg vert ekstra glad for slike tilbakemeldingar, seier Ravatn.
— Skal du feire?
— Eg feirar her i kveld, seier Ravatn før verten kjem bort.
— Er du klar? Spør Fartein Valen-Sendstad, slektning av Fartein Valen og eigar av Valenheimen.
Ravatn må gå, eit spent publikum ventar på forfattaren.
Fengande og djuptgåande
Bokbadet vert opna av ein kort tale frå Fartein Valen-Sendstad, før han gjev mikrofonen vidare til hovudpersonen denne kvelden.
— Det er veldig stort for meg å ha lanseringa her i Valenheimen, seier Ravatn.
Ho delar scena med biblioteksjef i Sveio Kristine Thorkildsen.
Thorkildsen har gleda seg mykje, både personleg og fagleg.
Ho stiller forfattaren fleire spørsmål som gjev dei tilstades ein djupare forståing av boka, når dei høyrer kva Ravatn svarar.
Eit sentralt tema i Gjestene er å samanlikne seg til misnøgde, noko forfattaren meiner har vorte veldig normalt og altfor enkelt i dagens samfunn. Særleg trekk ho frem sosiale medier og korleis glansbilde av rikdom og jaget etter pengar vert glorifisert.
Eit eksempel ho kjem med er NRK-podkasten Millionærhjerne, der dei skal lære unge korleis ein blir rik ved å intervjue ulike unge millionærar. Slikt reagerer Ravatn på.
— Skal me ikkje ha moral meir? spør ho noko oppgitt til et publikum som verkar samde.
Verdslege ting som pengar, hus og hytter er noko som også pregar karakterane i romanen. For fleire av dei vert status og rikdom noko som bringer meir ulukke enn glede, sjølv om ein aktivt kjempar i mot.
Ravatn og Thorkildsen har ei god tone, og publikum humrar fleire gonger av deira svar og spørsmål. I nokre lune rom med dempa belysning sit publikum heilt stille og følgjer med på samtalen dei i mellom.
Me listar oss forsiktig ut mot døra og tek av dei blå sko-posane.
Utanifrå ser ein tydeleg at det er ein fortryllande kveld i Valenheimen.