nyhende
Her kan det bli «golf-hotell»
Formannskapet vedtok måndag å selje nokre bygg ved golfbanen til Sveio Golfpark for 2,4 millionar kroner, slik at dei kan lage eit overnattingtilbod i Sveio. — Ikkje berre eit golftilbod, men også for andre besøkande, seier styreleiar i Sveio Golfpark Per Bjørn Habbestad.
— Det er ikkje eit døgn eller korttids-tilbod for overnatting i Sveio sentrum i dag, seier Per Bjørn Habbestad til Vestavind.
Han er styreleiar i Sveio Golfpark og forklarar til Vestavind kvifor dei trur eit overnattingtilbod ved golfbana vil kome Sveio til gode.
Måndag vart eit framlegg frå konstituert rådmann Ingunn Toft behandla i formannskapet i Sveio kommune.
Ho føreslo å selje nokre bygg ved golfbanen som kommunen eig, slik at Sveio Golfpark kan gjere dei om til ein mogeleg plass for overnatting. Etter planen skal det verte 14 overnattingsplassar.
Føreslaget var samrøysta, og er no eit steg nærmare å verte realisert.
Den endelege avgjersla om kommunen skal selje eller ikkje vert teken på neste kommunestyremøte 31. oktober.
Enkelt og moderne
Habbestad seier det er spelarar frå heile Noreg som kjem til golfbana, og det næraste alternativet for overnatting er Haugesund.
— Det er mykje gjestespelarar som besøkjer oss i sesongen, og som me har lyst å kunne tilby ein overnattingspakke til, seier Habbestad.
— Kva ser dykkar for dykk?
— Konseptuelt tenkjer me enkle fasilitetar med låge driftskostnadar, type sjølvbetening kor ein kan booke på nett og låse seg inn med kode, seier han.
— Dette er ein trend som har vore på kontinentet ganske lenge og vil kunne la seg praktisere for oss, som eit lågkostnadtilbod, seier Habbestad.
Seljast til lågast pris
Rådmannen sitt framlegg meinte at det vil gje eit overnattingstilbod sentralt i Sveio, og at overnattande vil bruke andre tenester i nærleiken til dømes butikkar.
Eit sentralt spørsmål i handsaminga av saka var kva prisen skulle vere.
Fire takstar har vorte ført på bygget, den høgste 4,5 millionar og den lågaste 2,4 millionar kroner.
Rådmannen anbefalte å selje bygget for det lågaste alternativet. 2,4 millionar er kva rådmannen trur Sveio Golfpark har råd til, samt kostnadene på 1,5 millionar kroner dei må bruke til å utbetre bygget til overnatting.
— Det må byggjast vesentleg om for å bli ein hotellløysing. Bygget er tre leilegheiter med fire hyblar kvar, og alt det må endrast til separate rom med eigen tilgang til dusj og toalett, seier Habbestad.
Men, Toft låg med krav om forkjøpsrett ved vidaresal. Då vert prisen for tilbakekjøp den same dei selde bygget for, justert med konsumprisindeks.
Sveio kommune eig 66,67 prosent av Sveio Golfpark.