nyhende
— Mange i Sveio vil få vindturbinane rett i fleisen
Torsdag kveld er det opent vindkraftmøte i Skjold i Vindafjord. Det handlar om vindkraft, og planar om vindmøller som mange med eigedom i Sveio vil få rett i åsynet.
Det er på bakgrunn av vindkraftplanar mellom anna på Måkafjellet i Skjold i Vindafjord, like sør for den inste del av Ålfjorden, at Skjold Bygdalag, Motvind Vindafjord og Motvind Norge arrangerer folkemøte i Skjold Arena torsdag kveld.
— Møtet bør i høgste grad vere relevant for mange i Sveio også, seier leiar i Motvind Vindafjord, Geirmund Merkesdal.
Synleg for mange
Han viser til at vindmøller på Måkafjellet vil kome rett i åsynet på alle som bur eller har hytter på Sveio-sida av dei indre delane av Ålfjorden.
Det er i arbeidet med kommuneplan i Vindafjord kommune at grunneigarar har spelt inn at det bør setjast av aareal til vindkraft i området.
Merkesdal viser til at vindturbinder har ein tendens til å vekse kraftig i høgda frå søknadsprosessar blir innleia, til dei står ferdig monterte.
— Om det søkjast om vindmøller som er 170 meter høge, så kan dei fort bli 250 meter høge før prosessen er ferdig. Det er ein strategi frå utbyggjarar å presentere noko som seinare veks i omgang, meiner han.
Ønskjer prinsippvedtak
Til møtet i Skjold Arena kjem mellom andre yrkeshygienikar Sonja Bjørknes frå Motvind Norge.
Det same gjer representantar frå administrasjonen i Vindafjord kommune som på generelt grunnlag skal gjere greie for korleis dei formelle prosessane i slike saker går føre seg.
Også heile Vindafjord kommunestyre er invitert til møtet.
— Eg håpar mange i Sveio også vil sjå nytte av å ta turen, seier Merkesdal.
Målet til Motvind Vindafjord er å få kommunestyret til å gjere eit prinsippvedtak mot vindkraft på land, og påverke sentrale myndigheiter slik at det ikkje blir laga statlege planar som overkøyrer kommunale vedtak i saker om utbygging av vindkraft på land.