nyhende

Marit Persen Liknes er rådgjevar for kultur og idrett i Sveio kommune, og seier det har vorte rekord i år på antal søknadar.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Marit Persen Liknes er rådgjevar for kultur og idrett i Sveio kommune, og seier det har vorte rekord i år på antal søknadar.

Rekordmange søknadar til nye anlegg i 2022

Det er i 2022 sete ny rekord for søknadar om tilskot til nye idretts- og nærmiljøanlegg i Sveio-bygdene. Til neste år ligg 34 ulike prosjekt på lista over dei som kan søkje om midlar. — Det er høg aktivitet i kommunen, seier rådgjevar for kultur og idrett Marit Persen Liknes.

Publisert Sist oppdatert

Slik fungerer det: søknad om tilskot til nærmiljø og idrettsanlegg

Ein kan søke om tilskot til to typar anlegg. Nærmiljø og idrettsanlegg.

Nærmiljø skal vere opent for alle og stimulere til fysisk aktivitet, til dømes ein turløype eller ballbinge.
Slik namnet hintar til ligg det ofte i nærleiken av der folk bur eller oppheld seg.

Idrettsanlegg er retta mot organisert idrett og vert brukt til deira trening. Eit eksempel er fotballbana ved Vigdartun.

— Eg er overraska over kor mykje mangfald det er av søknadar, og det er kjekt, seier Marit Persen Liknes.

Ho er tilsett som rådgjevar for kultur og idrett i Sveio, og det er ho som tek i mot søknadar om tilskot. Til neste års søknadsliste har det kome det tre nye søknadar, to til nærmiljø og ein til idrettsanlegg. Det gjer lista rekordlang med heile 34 anlegg som kan søkje om midlar.

— Søknadane kjem til mitt skrivebord. Der går eg gjennom og ser om dei kan sendast vidare til fylkeskommunen, altså om dei har nødvendig dokumentasjon og har rett på å søkje om spelemidlar, seier Liknes.

Dei aksepterte søknadane som har kome innan fristen førast opp på ei forslagsliste. Den blir sendt til Sveio Idrettsråd som får mogelegheit til å kome med uttale, noko dei ikkje har gjort i år.

Lista vert så politisk behandla i hovudutvalet for oppvekst og kultur, før eit endeleg vedtak om den vert gjort på kommunestyre sitt siste møte i desember.

— Dette er ein prosess, som skjer kvart år om hausten, seier Liknes.

2022 har vore eit travelt år for ho. Særskild hyggeleg er at mykje av årsaka skuldast at organisasjonar og initiativtakarar i Sveio har vorte flinke på å søke.

— Det er generell høg aktivitet blant organisasjonane, seier Liknes.

Uvanleg mange fekk tilskot i år

Sveio har vore heldige med kor mange prosjekt som fekk tilskot i år, fortel ho. Vanlegvis er det berre eitt nærmiljø og eitt idrettsanlegg, men i år var det til saman seks anlegg.

Kva anlegg fekk midlar i år?

— Aktivitetspark for 1- 4 trinn på Sveio skule, BMX-bane på Rophus, turløype på Ryvarden, skatepark på Sveio skule, ballbinge på Valestrand Oppvekstsenter og lys til turstien langs Sveio Golfpark, seier ho.

Nokre av desse prosjekta har allereie vorte bygd, men Liknes fortel at ein kan søkje om midlar i etterkant innan ein viss frist.

Ballbinge ved Valestrand Oppvekstsenter har fått midlar i år.

Og det kan verte tildelt store summar. Til dømes vart 300.000 kroner innvilga til ballbinge på Valestrand Oppvekstsenter, og ljos langs tursti på Sveio Golfpark fekk 700.000 kroner.

Kjekk jobb

For Liknes er kvardagen som rådgjevar for kultur og idrett ein hyggeleg ein. Vert det veldig mykje å gjere er det eit teikn på at det går bra, og at sveibuar vil setje prosjekta sine til livs.

— Har du den kjekkaste jobben i kommunen?

— Eg har absolutt den kjekkaste jobben. Den handlar berre om positivitet, seier Liknes.

Når ein av hovudoppgåvene er å få tilsendt spennande prosjekt frå heile kommunen, og rettleiing av korleis draum skal verte verkelegheit, så er det ikkje uforståeleg at ho trivast.

— Eg hjelper folk å få til sånne ting, seier ho.

Det er allereie meldt inn nye prosjekt til neste års søknadsrunde. Der finn ein mellom anna frisbee-golfbane, midlar til nytt rideanlegg og padelbane.

Frisbee-golfbana held dei på å einiges om kvar skal vere, men forslaga er på Vikse i nærleiken av paintball-bana, eller nærmare sentrum.

Rideanlegget inneber oppgradering av eksisterande anlegg på Tjernagel, og padelbana er tenkt til Bua.

— Det er mykje aktivitet, og det er kjekt, seier Liknes.

Skal vedtas i desember

Forslag til liste over prioriterte anlegg innan nærmiljø og idrett i Sveio er klar. Den skal vedtas i kommunestyret i desember. (Sjå lista under.)

Lista inneheld 17 søknadar til nærmiljøanlegg og 17 til ordinære idrettsanlegg.

Lysanlegg på grasbanen på Sveio stadion er prioritert på 14. plass i forslaget for neste års prioriterte søknadsliste. Bildet er frå fotballskulen i sommar.

Neste års liste skal handsamast gjennom hovudutvalet for oppvekst og kultur før den vert vidaresendt til formannskap og kommunestyre for endeleg vedtak i desember.

På nyåret vert den sendt til Vestland fylkeskommune, der fylkestinget bestem kven som vert tildelt midlar.

Rekkefølgja på lista vert bestemt av fleire årsaker, i hovudsak kor lenge den har vore på lista og kor klar søknaden er.

— Normalt førar me opp nye anlegg på botn av lista, seier Marit Persen Liknes, rådgjevar for kultur og idrett.

Viss alt i søknaden er klart utanom tildelte midlar vil den løftast opp. Sjølve nummereringa er ikkje avgjerande for om søknaden får tilskot eller ikkje.

Ei slik hinderløype er planlagt sett opp ved stranda i Førde.PRODUKTFOTO

— Har me ein liste med ti anlegg, og søkar nummer ein, fem og ti sender søknadar, så kan dei i prinsippet få pengar alle tre, sjølv om dei står på tiande plass. Så det er viktig at folk sendar inn søknad når dei er klare, seier Liknes.

Om lista allereie har mange prosjekt, påverkar det ikkje ein ny søknad sin mogelegheit til å kome med.

— Me held ikkje nokon igjen og seier at det ikkje er vits grunna mange andre søknadar, seier ho.

Her er kommunen sitt forslag til prioritert liste:

Slik er oversikta:
Nr: kva nummer prosjektet er på lista.
Prosjekt: kva sjølve prosjektet er, ei kort beskriving
Søkar: kven som søkar
Tilskot: kva søkar maksimalt kan verte tildelt av fylkeskommunen
Status: kva fase søknaden er i. Prosjekta kan vere ferdig bygga sjølv om det søkast midlar til finansiering.

Bokstavane A) og B) indikerer del-mål inne i søknaden, til dømes søknad om A) lys og B) varme til ein leikeplass.

Nærmiljøanlegg:

Nr. 1
Prosjekt: Tursti Nesheim-Hovda-Buavåg
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 2
Prosjekt: Hinderløype Strando i Førde
Søkar: Førde Bygdalag
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 3
Prosjekt: Utandørs treningsapparat Sveio skule m/lys
Søkar: Sveio kommune og FAU Sveio skule
Tilskot: 300.000 kroner + tilskot til lys
Status: Ferdig, men ikkje tildelt tilskot

Nr. 4
Prosjekt: Klatrepyramide, Sveio Skule m/lys
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 300.000 kroner + tilskot til lys
Status: Ferdig, men ikkje tildelt tilskot

Nr. 5
Prosjekt: Aktivitetsanlegg, Førde skule, byggetrinn 2
Søkar: Sveio kommune v/rektor Førde skule
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Finansiert

Nr. 6
Prosjekt: Rehabilitering ballbinge, Sveio skule
Søkjar: Sveio kommune og FAU ved Sveio skule
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under arbeid

Nr. 7
Prosjekt: Nærmiljø o-kart, Vikse skule
Søkar: Sveio Orienteringslag
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 8
Prosjekt: Pentanque-bane, Strando i Førde
Søkar: Førde Bygdalag
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 9
Prosjekt: Aktivitetsområde for barn og ungdom, Strando i Førde
Søkar: Førde Bygdalag
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 10
Prosjekt: Rehabilitering ballbinge, Førde skule
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 11
Prosjekt: Rehabilitering ballbinge, Auklandshamn skule
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 12
Prosjekt: Rehabilitering ballbinge, Vikse skule
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 13
Prosjekt: Nærmiljø o-kart, Valevåg
Søkar: Sveio Orienteringslag
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 14
Prosjekt: Nærmiljø o-kart, Sveio sentrum
Søkar: Sveio Orienteringslag
Tilskot: 300. 000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 15
Prosjekt: Turveg til Vigdarvatnet
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Nr: 16
Prosjekt: Frisbeegolfbane
Søkar: Sveio kommune/Sveio Ungdomsråd
Tilskot: 300. 000 kroner
Status: Under planlegging

Nr. 17
Prosjekt: Utandørs padelbane/ballbinge
Søkar: Bua Ungdomslag
Tilskot: 300.000 kroner
Status: Under planlegging

Ordinære idrettsanlegg:

Nr. 1
Prosjekt: Sveio Golfpark, A) driving range B) lys på driving range
Søkar: Haugaland Golfklubb
Tilskot: 700.000 kroner x 2
Status: Finansiert. Utbygging starta

Nr. 2
Prosjekt: Sveio Golfpark servicebygg
Søkar: Haugaland Golfklubb
Tilskot: 1 million kroner
Status: Finansiert. Ferdig

Nr. 3
Prosjekt: Sveio Golfpark døgnopne toalett
Søkar: Haugaland Golfklubb
Tilskot: 700.000 kroner
Status: Finansiert. Ferdig

Nr. 4
Prosjekt: A) Dagsturhytte 1 i Sveio kommune B) med sanitæranlegg
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: A) 1 million kroner B) 700.000 kroner
Status: Finansiert. Ferdig

Nr. 5
Prosjekt: Dagsturhytte 2 i Sveio kommune
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 1 million kroner
Status: Finansiert. Ferdig

Nr. 6
Prosjekt: Sanitæranlegg i Holsvika
Søkar: Sveio kommune/Friluftsrådet Vest
Tilskot: 700.000 kroner
Status: Ferdig.

Nr. 7
Prosjekt: A) 5’er bane fotball(30m x 50m) med kunstgras B) og lys
Søkar: Sveio kommune og Sveio IL
Tilskot: A) 600.000 kroner B) 700.000 kroner
Status: Ute på anbud.

Nr. 8
Prosjekt: Zip-line med lys
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 700.000 kroner
Status: Ferdig.

Nr. 9
Prosjekt: Sveio Golfpark A) 9 hol bane B) kunstgras på greenar
Søkar: Haugaland Golfklubb
Tilskot: A) 3 millionar kroner B) 700.000 kroner
Status: Finansiert. Utbygging starta.

Nr. 10
Prosjekt: A) Badeanlegg med treningsbasseng (25m x 12,5m) B) Overvakingutstyr C) Garderobesett, pr sett D) Sosialt rom (minst 100 kvm.) E) Lager (50/100 kvm)
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: A) 16,5 millionar kroner B) 700.000 kroner C) 500.000 kroner D) 500.000 kroner E) 300.000/500.000 kroner
Status: Planlagt

Nr. 11
Prosjekt: Opplæringsbasseng i badeanlegget A) Basseng 12,5m x 8m B) Rullestolrampe
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: A) 4 millionar kroner B) 200 000 kroner
Status: Planlagt

Nr. 12
Prosjekt: Idrettshall
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 10/11 millionar kroner
Status: Planlagt

Nr. 13
Prosjekt: Rehabilitering A) kunstgrasbane B) og lys
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: A) 1 million kroner B) 700 000 kroner
Status: Planlagt

Nr. 14
Prosjekt: Lysanlegg på grasbana Sveio stadion
Søkar: Sveio kommune
Tilskot: 700.000 kroner
Status: Planlagt

Nr. 15
Prosjekt: Turveg til Leirvåg
Søkar: Sveio kommune/Friluftsrådet Vest
Tilskot: 700.000 kroner
Status: Planlagt

Nr. 16
Prosjekt: Kunstgrasbane i Auklandshamn
Søkar: Auklandshamn Idrettslag
Tilskot: 2,2 millionar kroner
Status: Uavklart

Nr. 17
Prosjekt: Hestesportanlegg Tjernagel
Søkar: Sveio Rideklubb
Tilskot: Uavklart
Status: Uavklart

Powered by Labrador CMS