nyhende

Sjå planen for nytt uteområde til barnehagen

Planteikningane for nytt uteområde til barnehagen i Førde er klare, og kommunen sit no i forhandlingar. — Der blir betre enn det gamle, seier prosjekt- og byggjeleiar Andreas Ekrheim.

Publisert Sist oppdatert

Forklaring planteikning

Punkt 1 til 4 er byggtekniske og ikkje teken med

Slik er planteikningen for det nye uteområdet.
FOTO: SVEIO KOMMUNE

5. Asfaltert gangveg som går i bue opp til rutsjebane.
6. Ny grasplen
7. Bambus eller anna hurtigvoksande plante planta i to U-formar, som skal nyttast som «hule» eller «hytte» for barna.
8. Frukttre og bærburskar
9. Buskar som avgrensar mot gjerde.
10. Runde steinar stabilt plassert i grus/sand, ved siden av rutsjebane.
11. Balansesti av trestubbar i ulik høgde.
12. Fallunderlag mellom trestubbar og veg.
13. Rutsjebane
14. Sandkasse
15. Betongrøyr som skal gravast ned i ein haug med inngang frå kvar ende. Noko barna kan krype i gjennom.

Det nye uteområdet som skal kome ved Førde barnehage er på veg. For tida held kommunen forhandlingar med selskap som deltok i runden med anbod.

— Me er framleis i ein anbodsprosess og fristen har gått ut, seier prosjekt- og byggjeleiar Andreas Ekrheim frå Sveio kommune.

Planteikningar for nytt uteområde.

Grunna at saka er pågåande kan han ikkje sei så mykje, og kan ikkje kommentere kva selskap dei snakkar med.

— Me er i forhandlingar og veit ikkje heilt når det er i mål, seier Ekrheim.

Betre for ungane

Han er jamvel tydeleg på at det nye uteområdet vert bra for borna i Førde.

— Det blir jo betre for ungane, seier han.

Det eksisterande uteområdet har vore prega av erosjon frå vassmengder som renn gjennom det, står det i saksdokumenta.

Det noverande uteområdet til Førde barnehage er prega av erosjon frå vassmengder som renn gjennom.

Noverande leikehytte skal og rivast som del av utbetringa, men det store grantreet vert ståande.

Eit nytt uteområde skal sikrast mot vassmengder, og det er planlagt mykje kjekt å leike med. Mellom anna skal det kome ein ny rutsjebane, sandkasse, frukt- og bærhage, klatrestubbar og fallunderlag.

Ferdig i mai

Arbeidet skal etter planen byrja 6. mars 2023 og vere klart 1. mai same år.

Om det vert nøyaktig som teikningane kan ikkje Ekrheim garantere, men seier det skal vere ein rettesnor.

— I utgangspunktet skal dei følgje teikningen, men det kan bli nokon endringar, seier han.

I budsjettforslaget som rådmannen la frem måndag kveld foreslår ho å setje av 350.000 kroner meir til prosjektet.

Frå før er det bevilga 1 million kroner til utbetringa,

Powered by Labrador CMS