nyhende
Ekrene Vest: Les kva rådmannen vil
Rådmannen vil ha utbetring av Rophusvegen før meir utbygging på Ekrene Vest, men det vil krevje at kommunen ervervar grunn. — Me må løyse utfordringane før me kan gå vidare, seier rådmann Ingunn Toft.
— Det er eit vegvalg for å kome oss vidare, seier konstituert rådmann Ingunn Toft.
Fredag ettermiddag la ho fram kva ho ynskjer skal skje framover på Ekrene Vest.
Utbetring av eksisterande Rophusveg.
Vidare arbeid med områdereguleringsplan for Ekrene Vest skal fortsette først når utbetringa av Rophusvegen er fullført.
— Det er ei krevjande sak som har lege i mange år, seier Toft.
Grunna utfordringar med den eksisterande Rophusvegen som berre har auka med tilflyttinga, går ho inn for å få bukt med problemet.
— Me meiner me må byrja ein plass, seier Toft.
To fluger i ein smekk
Ho meiner den eksisterande Rophusvegen er det beste alternativet og visar i framlegget hennar til argument som pris og trafikktryggleik.
Utbetring av vegen er grovt utrekna til 13,2 millionar kroner, og inneber fortau langs heile den 800 meter lange strekninga.
Med å velje eksisterande veg får ein både betre tilgang til framtidige bustader og sikra ein utfordrande veg, hevdar Toft i framlegget.
— Den eksisterande vegen vil framleis liggja der og vera trafikkfarleg om ein ikkje går i gong med utbetring, seier ho.
Å velje utbetring vert om lag 8,8 millionar kroner billegare enn alternativet med ein heilt ny veg med inngang frå Gullvegen, som grovt rekna vil kome på 21,9 millonar kroner.
— Me må få gjort det som trengs å gjerast til ein rimeleg pris, seier Toft.
Må erverve frå tomter
Viss planen vert vedteke og Rophusvegen utbetra, vil den nye vegen bli seks meter brei.
Då må den ta mykje areal langs eksisterande veg frå nærliggjande tomter. I framlegget frå rådmannen står det:
— Ei utviding av eksisterande Rophusveg inkludert fortau vil få følgjer for både fulldyrka jord, innmarksbeite og skog, seier Toft.
Særleg gjeld det byrjinga av Rophusvegen, der rådmannen seier det må ervervast grunn frå to tomter som vegen går i gjennom.
Toft foreslår også ein strakare innkøyrsel, noko som i planteikningar synast å gå utover ein leikepark brukt av natur- og gårdsbarnehagen som ligg i nærleiken.
Vidare kjem det fram at noverande veg brukast i vekedagane av skulebuss, men er ikkje dimensjonert for buss, og har ikkje god nok snuplass.
Velforeining
Øyvind Gjerde er leiar for Rophus Velforeining og har ikkje lest framlegget då han kommenterer planane.
Han er jamvel positiv og seier det at for bebuarane er tryggleik det som veg tyngst.
— Det viktigaste for velforeininga er at det kjem ein brei nok veg tilrettelagd for fotgjengarar. Og at det vert ein trygg over eller undergang til busstoppet slik at ein kan ta seg over fylkesveg 47 til bussen på ein trygg måte, seier Gjerde.
Medlemmer av velforeininga har vitna fleire skumle situasjonar med å krysse fylkesvegen for fotgjengarar, men trekk også fram at av- og påkøyring frå Rophusvegen til fylkesveg 47 treng ein trygg løysing.