nyhende

Måndag kveld vart ein lyktestolpe køyrt ned av ein bil i Sveiogata.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET.

Køyrde ned lyktestolpe

Måndag kveld fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt ned ein lyktestolpe.

Publisert Sist oppdatert

Om lag klokka 23 måndag vart politiet kontakta i samband med at ein bil hadde køyrt ned ein lyktestolpe i nærleiken av Sveio skule.

Vaktsjef ved Haugesund politistasjon Dan Magne Gaard fortel at politiet rykte ut og var raskt på staden. Hendinga fant stad på ein parkeringsplass i nærleiken av skulen, i Sveiogata.

Politiet har vore i kontakt med ein ung mann som erkjenner å ha køyrt bilen.

Sjåføren har vorte avhøyrt av politiet, og det er ikkje mistanke om rus.

— Ei sak vert oppretta, seier Gaard.

I samband med kollisjonen har det vore noko skade på ein leidning tilhøyrande lyktestolpa. Difor vart Haugaland Kraft også varsla.

Powered by Labrador CMS