nyhende
Fullt hus på folkemøte om nærbutikken i Auklandshamn
Måndag kveld var det eit fullt bedehus på Auklandshamn, med over 70 personar som hadde møtt opp på folkemøte om nærbutikken. — Det beste er om nokon tar over, seier eigar Åse Marie Økland.
— Me må vere såpass ærlege at dette ikkje ser bra ut, seier Lars Helgeland frå Merkur-programmet.
Han er tilsett i Merkur gjennom kommunal- og distriktsdepartementet, og jobbar med å leggje til rette for nærbutikkar i Noreg.
På folkemøte måndag kveld har 70 personar møtt opp i bedehuset.
Alle ynskjer å høyre kva framtida for nærbutikken er. Mellom anna er to representantar frå kommunestyret, Dagfinn Bjørge (Sp) og Ole Velde (Sp).
Dramatisk for bygda
Helgeland held ikkje tilbake at situasjonen for Auklandshamn er alvorleg.
— Det vil jo vere dramatisk for bygda om butikken forsvinn, seier Helgeland.
Han har tidlegare varsla at det vil føre til ein vond sirkel med mindre tilflytting, auka fråflytting og fall i verdi på bustader. Ryk butikken så følgjer ofte skulen, meiner han.
— Blir butikken stengt frå 1. januar er det ikkje bra, men kan godt vere at den kjem tilbake seier Helgeland.
Håpar nokon ynskjer å ta over
For Åse Marie Økland som driv nærbutikken var det ein spesiell kveld. Ho har tidlegare fortalt at ho må gi seg som drivar av butikken grunna helsa si.
— Det beste er om nokon tar over sånn at butikken går vidare. Det blir rart, og det har ikkje heilt gått opp for meg, seier Økland.
Under folkemøtet var det ingen som uttrykte ynskje om å ta over, og det er så langt ikkje nokon som står på lista.
Korkje Helgeland eller representant for Kjøpmannhuset Christian Lykken trur det betyr at det ikkje er nokon interesserte.
— Me har god erfaring på at sånne typar møte set i gang ein prosess, og at det mogelegvis er ein kjøpmannspire her, seier Helgeland.
Helgeland og Lykken seier at ut i frå tidlegare omsetjing, så kan dei sjå at det er økonomisk grunnlag for ein butikk i Auklandshamn.
Også Valevåg i fare
Frå podiet kom Helgeland med enda ein dårleg nyheit. Også nærbutikken i Valevåg si framtid er heller ikkje sikker.
— Valevåg er i same situasjon, seier Helgeland.
Til Vestavind seier eigar Laila Vikse Lie at ho og mannen Harry ynskjer å selje butikken vidare.
— Den blir nok ikkje lagt ned i første omgang. Me held ut ein stund til, seier Vikse Lie.
Dei har ikkje sete ein tidsfrist, og vil kome tilbake til slikt på nyåret forklarar ho.
Viktig på mange måtar
Rundt eit av borda i bedehuset sit Gro Bua og Arild Tønnesen. Dei er nesten naboar til nærbutikken.
— Me er spent på kva som skjer, og interessert i å behalde butikken, seier Tønnesen.
— Eg håpar nokon tar over, seier Bua.
— Kva trur dykkar skjer om den forsvinn?
— Alt vert meir tungvint. Den er jo eit knutepunkt på mange viktige måtar, seier Tønnesen.
Vart bygd av bygda
— Det er mogelegheiter for å tene pengar på å drive butikk der, me treng berre å finne riktig vedkommande, seier Kristian Wathne.
Han er styreleiar i Forretningsbygg Stølen SA og arrangør av møtet.
Wathne representerer dei 180 andelshavarane i selskapet, fleire av dei lokale bebuarar, som vart oppretta på 80-talet. Då var det eit ynskje om å byggje eit lokale som det kunne drivast butikk i.
— Kva skjer om det ikkje kjem nokon til å ta over?
— Då blir det ståande tomt, så får me sjå. Me håpar at nokon vil drive butikk vidare, seier han.
Wathne seier at selskapet kan handtera utgiftene til eit tomt bygg på kort sikt, og at det ikkje er nokon anna plan enn å finne ein til å overta.
— Me jobbar 100 prosent med å få nokon til å kome og drive butikk, seier han.
Truleg slutt frå nyttår
Etter presentasjonen vert det opent for å stille spørsmål.
Bjørge (Sp) spør kva som skjer om ikkje nokon står klar til å ta over.
— Då er det slutt frå 1. januar, seier Christian Lykken frå Kjøpmannhuset.
Økland var sjølv oppe og fortalte om korleis det er å drive butikk.
— Det er ikkje så skummelt som det høyrest ut. Den minste biten er papirarbeidet, den største biten er å snakke med folk. Det er det eg set mest pris på, dei eldre som sit i kafeen eller barna som kjem inn etter skulen, seier ho.
Møtet tar slutt etter ein og ein halv time, og eit fullt bedehus gjev høg applaus.
Kva som skjer er framleis usikkert. For Økland var det i fint å sjå alle som kom til bedehuset.
— Det er veldig rørandes å sjå så mange folk, avsluttar ho.