nyhende
Sveio-gutane spelte seg til finaleplass
Sveio IL stilte med to gutelag og eit jentelag under ein volleyballgalla i Farsund i helga. G17-laget spelte seg heilt fram til finale.
Om lag 25 spelarar og fire vaksne frå Sveio IL deltok under ein volleyballgalla i Farsund i helga.
Sveibuane viste godt igjen under arrangementet på Sørlandet. Både som heiagjeng for kvarandre og sportsleg.
Nådde finalen
Særleg bra gjekk det for G17-laget, som spelte seg heilt fram til finale. Det var 10 lag med i deira klassa.
— Det var kjekt, det er ei stund sidan vi spelte finale i den klassen, fortel trenar Ole Johan Sveen.
Han rapporterer om fulle tribunar og skikkeleg trøkk under finalane. Der måtte Sveio gi tapt for Austrått 2.
G15 og J15-laget tok seg ikkje vidare til sluttspel, men fekk ifølgje Sveen tileigna seg fin kamptrening.
— Det er veldig kjekt å reise med desse ungdommane. Dei er flinke til å ta vare på kvarandre, seier han.
Resultat for Sveio-laga:
G15:
Lister – Sveio 0-2 (11-25, 19-25)
Kristiansand – Sveio 2-0 (25-14, 25-12)
Torvastad 1- Sveio 2-1 (25-18, 17-25, 16-14)
Torvastad 2 – Sveio 2-0 (25-20, 25-18)
J15:
Kopervik – Sveio 2-0 (27-25 og 25-13)
KFUM Stavanger – Sveio 1-2 (25-14, 13-25, 12-15)
Austrått – Sveio 0-2 (19-25 og 20-25)
Sandnes – Sveio 2-1 (25-21, 18-25, 15-8)
Kopervik – Sveio 0-2 (20-25, 22-25)
G17
Austrått-2 – Sveio 0-2 (23-25, 25-21 og 10-15)
Haugesund – Sveio 0-2 (14-25 og 16-25)
Lister – Sveio 0-2 (6-25, 14-25)
Kvartfinale: Randaberg – Sveio 0-2 18-25, 23-25)
Semifinale: Austrått-2 – Sveio 0-2 (22-25, 24-26)
Finale: Austrått-1 – Sveio 2-1 (19-25, 25-15, 15-9)