nyhende

Eirin Bjørsland Hansen held opp Sveio-nissane med gull på hovudet.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Eirin Bjørsland Hansen held opp Sveio-nissane med gull på hovudet.

Gulleventyret i Sveio vart inspirasjon til glasnisse

Støyperiet Formbar har i år teke turen til Sveio og henta inspirasjon i frå eit gamalt gullfunn på Hovdaneset. Resultatet blei noko som braut med tradisjonen. — Me vart tipsa om Sveio, seier ein av eigarane.

Publisert Sist oppdatert

— Me lagar omtrent 150 stykk kvar dag, seier Eirin Bjørsland Hansen.

Saman med Julie Shirani Kausland frå Bergen og Kirsten Vikingstad Hermansson frå Haugesund driv dei støyperiet Formbar i Haugesund.

Julie Shirani Kausland i aksjon.

Sjølv kjem ho frå Elverum, og fortel smilande at både ho og Kausland endte opp på Haugalandet takket vere Hermansson.

Inspirert av Hovdaneset

— Kvart år lagar me nissar frå dei lokale distrikta. Me vart tipsa om Sveio, og at det har vore eit gullrush der ein gong i tida, seier Hansen.

Vanlegvis er det noko inni nissen, som dei har henta i frå staden dei har valt. Men, når det var Sveio sin tur gjekk dei i ein retning som braut med tradisjonen.

Denne gongen er det lua som skil seg ut, den er nemleg ikkje raud som ein nisse, men gullfarga.

Her ligg gull-støvet som vert lua til Sveio-nissen.

På Hovdaneset har det tidlegare vore gruvedrift på 1800-talet, og der vart det funne gull.

— Me vil jo gjerne formidle ei historie med nissen, seier Hansen.

Borte ved omnen sit Kausland og støypar nissane føre tilskodarar som ivrig følgjer med.

— Me lagar om lag 4.000 stykkar kvart år, seier Kausland.

Omnen går døgnet rundt

Sjølv om gradestokken ligg på nullpunktet og garasjedøra er open, er det framleis noko varme i lokalet. Det skuldast omnen.

— Den står på døgnet rundt, heile tida, seier Hansen.

Julie Shirani Kausland lagar rykande ferske sveio-nissar.

Det er grunna at dei må halde det smelta glaset flytande, for når det har størkna bør det ikkje smeltast igjen.

Vert dykk råka av høge straumprisar dykkar også?

— Ja, omnen går på naturgass men prisen påverkast av straumprisen så me vert jo det. Men, dette er vår høgsesong så me jobbar berre på, seier Hansen.

Det var mange innom då Vestavind var på besøk.

Sveio-nissen vert den sjette i rekka frå Formbar, og om ein lurar på kvar nissen kjem frå neste år må ein nok berre vente.

Kvar kjem nissen frå neste år?

Hansen ler og gjev eit lurt blikk på Sveio-nissen som ho held i handa.

— Å nei, det er strengt hemmeleg, seier ho.

Powered by Labrador CMS