nyhende
Vil diskutere synkande folketal: — Det er absolutt mogeleg å snu dette
Talet på sveibuar har gått tilbake gjennom heile 2022. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) vil invitere til tverrpolitisk drøfting om kva som kan gjerast for å snu trenden.
Etter mange år med jamn vekst i folketalet i Sveio har pendelen svinga motsett veg det siste året. Ved utgangen av 3. kvartal budde det 5.722 personar i Sveio kommune. Det er ein nedgang på 80 personar samanlikna med utgangen av 1. kvartal i 2021.
Dette er utviklinga i folketalet i Sveio i år:
- 1. kvartal: -21
- 2. kvartal: -8
- 3. kvartal: -24
Dei underliggande tala frå Statistisk sentralbyrå viser både lågt fødselsoverskot, og dessutan klart høgare utflytting frå enn innflytting til kommunen.
Inviterer til diskusjon
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) likar ikkje utviklinga, som skil seg frå dei fleste andre kommunane på Haugalandet.
Ved utgangen av siste kvartal var det faktisk berre Sveio og Tysvær som hadde negativ utvikling blant alle kommunane på Haugelandet og i Sunnhordland. Og talet for Tysvær, som har ganske nøyaktig dobbelt så mange innbyggjarar enn Sveio, var relativ lite (-2) samanlikna med Sveio (-24).
— Det er jo ikkje dramatiske tal, det er viktig å understreke. Men eg meiner at når ein ser ein slik svak nedgåande trend, må vi gripe tak i det. For det er absolutt mogeleg å snu dette, meiner ho.
Difor vil ho ta initiativ til ei tverrpolitisk drøfting om folketalsutviklinga i Sveio.
Ho ønskjer seg ein brei tverrpolitisk drøfting, kanskje som eit halvdagsseminar i formannskapet, kor dei kan diskutere korleis ein skal snu tala til vekst igjen.
— Me kan ikkje berre stikke hovudet i sanden og håpe at tala snur av seg sjølv, meiner ho.
Ho vil mellom anna lufte spørsmål om det er grunn til å bestille ei grundigare kartlegging frå administrasjonen.
— Eg tenkjer at me bør skaffe oss informasjon om kva som faktisk ligg bak desse tala. Mellom anna om kor i Sveio folk flyttar frå eller til, meiner ho.
— Sveio er attraktiv
Ordføraren meiner bestemt at Sveio er ein attraktiv kommune å bu i, og at det er noko ein truleg må bli flinkare til å marknadsføre. Og ho peikar på at i åra som kjem skal bli enno betre å vere sveibu, når ny idrettshall, nytt badeanlegg og ny barnehage er realisert. Alle desse prosjekta ligg inne i vedtatt økonomiplan for dei næraste åra.
— Dette er investeringar som både vil kome dei som bur i Sveio allereie til gode, og det vil gjere oss meir attraktiv for innflyttarar, meiner ho.
Ho meiner at Sveio, med sin geografiske plassering midt mellom – og med kort reiseveg til – region-sentra Leirvik og Haugesund, bør ha alle føresetnadar for vekst i innbyggjartalet.
— At me også i framtida vil vere ein stor pendlarkommune, det må me berre ta inn over oss, seier ho.
Viktig planarbeid
Samstundes trekker ho fram at det i arbeidet med å bygge ein attraktiv kommune, er viktig å få landa dei tre større kommunale planane som det no jobbast for fullt med på kommunehuset. Det er kommuneplanen, kommunedelplan for sentrum og områdeplan for Ekrene vest. Ho åtvarar mot eventuelle utsetjingsforslag i desse.
— Desse planane er viktige politiske styringsverktøy. Har me ikkje vedtak i desse plansakene, har me faktisk ikkje grunnlag for å leggje ut til dømes nye bustadområde, presiserer ho.
Rådmannen føreslo som kjent å utsette arbeidet med Ekrene Vest i påvente av å få på plass ny Rophusveg. Eit samrøysta hovudutval for teknisk og næring gjorde derimot vedtak om at arbeidet med planen skal gå vidare, parallelt med at ein ser på ny Rophus-veg. Saka kjem opp for formannskapet 28. november og kommunestyret 12. desember.
Erve seier at ho også vil ta eit initiativ overfor byggjenæringa.
— Eg ønskjer å snakke med aktørane i næringa om kva som skal til for få meir aktivitet innan nybygg, og på den måten leggje til rette for at me kan få fleire innbyggjarar i kommunen, seier ho.
Meir strategi i formannskapet?
Ho stiller seg også spørsmål om eit nedsett evalueringsutval, som forutan ordføraren sjølv og gruppeleiarane for partia i kommunestyret, bør sjå nærare på om formannskapet i framtida også bør vere eit organ for å ta dei overordna strategiske kommunale diskusjonane.
Ho understrekar at formannskapet framleis skal handsame politiske saker, men ho etterlys eit forum for større strategiske drøftingar, for på den måten halde ei god oversikt over «heile biletet» kring kva som rører seg i kommunen.
— Eg trur me bør rett og slett sete av meir tid til den type diskusjonar, avsluttar ho.