nyhende

Juleverkstaden var i full gang då Vestavind tok turen innom.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Juleverkstaden var i full gang då Vestavind tok turen innom.

Juleverkstad for stygge genserar

Måndag kveld var det juleverkstad for ein nyare og litt uvanleg juletradisjon, Ugly Christmas Sweater. — Me vil gjere tradisjon ut av det, seier eigar Åse Katla.

Publisert Sist oppdatert

— Det gjer ikkje noko om julegenseren er litt stor, seier Sigrid Solstrand.

Saman med venninnene Gyda Hamre, Elisabeth Korsedal, Hanne Marit Normann og Kathrine Korsedal Bua er ho tilstades for å gjere seg flid, og lage ein såkalla «stygg julegenser». Dei er og alle saman med i Kor Camena.

Populært kringom verda

Arrangementet er ein juleverkstad der ein kan ta med ein genser og gjere den om til ein julegenser med hjelp av lim, teikningar og krimskrams.

Sigrun Salamonsen (t.v.) og Sissel Emmerense Hovda var klare til innsats.

Dei seinaste åra har tradisjonen spreidd seg kringom verda, og vert på originalspråket kalla «Ugly Christmas Sweater», eller stygg julegenser på norsk.

Den treng ikkje å vere stygg og meininga er heller å lage ein genser med litt skrikande fargar.
Men, då treng ein først ein genser som kan ofrast.

Sissel Johnsen (t.v.), Sigrun Salamonsen og Sissel Emmerense Hovda. Johnsen lagar ein genser ho skal bruke på jobben sin, Ekrene natur- og gardsbarnehage.

Var det vanskeleg å finne ein genser?

— Eg brukte mannen min sin, seier Korsedal.

Ho er i planleggingsfasen og har funne fram ein kopp kaffe og ein saks. Ovanfor ho sit systera Kathrine Korsedal Bua.

— Eg brukte mannen min sin genser, seier Elisabeth Korsedal.

— Me er litt rivalar, men ikkje mykje seier Korsedal Bua.

Hamre planlegg å bruke genseren på SFO, der ho tenkjer den vert godt motteke.

Lagar til barna sine

På eit bord ved sidan av sit Sissel Emmerense Hovda og Sigrun Salamonsen.

— Eg lagar til mine tre søner, og trur det blir ein tradisjon framover, seier Hovda.

Desse genserene skal spre mykje glede. Frå venstre: Elisabeth Korsedal, Sigrid Solstrand, Hanne Marit Normann, Åse Katla og Kathrine Korsedal Bua.

— Planlegg dykkar noko fint eller «stygt»?

Dei snakkar litt seg i mellom før dei svarar

— Me går inn for noko voldsomt fint, seier Salamonsen.

—I fjor vart den lite brukarvenleg, det var litt mykje bjøller, seier Hovda.

Slik vart genseren til Gyda Hamre sjåande ut.

— Eg brukte min på jobb, seier Salamonsen.

Så kjem Sissel Johnsen og sit seg ned med bordet deira. Ho jobbar i barnehage og skal laga noko som kjem til å glede barna.

Nøgd med kvelden

Eigar og arrangør Åse Katla er nøgd med kvelden, og fortel at det vert ein sjanse til 1. desember.
Det er andre år på rad og ho vil gjerne gjere tradisjon ut av det.

Då verkstaden er over og limet har størkna er det ein smilande gjeng med julegenser-makarar.
Sjå bileta i saken for korleis julegenserene vart sjåande ut.

Eigar Åse Katla vil gjere juleverkstaden til ein tradisjon.
Powered by Labrador CMS