nyhende
Sveibuar blindtestar julebrus
Seks sveibuar, frå tiandeklasse-elevar til ordføraren, tok ein blindtest på julebrus hos Vestavind. Når det kjem til julebrus har dei alle klar tale og djupe slurkar.
Julebrus er noko einskild i Noreg. Det er både noko me har til felles nasjonalt, samstundes som kvar region har si eiga lokale versjon.
Dei aller fleste er samde om at det er godt med julebrus, men ikkje kva variant som er best. Skal den vere raud eller brun? På glas, boks eller plastflaske?
Og julebrus har gjort inntog utanfor sitt naturlege område. No har det kome både yoghurt og saft med smak av julebrus. Kan man faktisk seie at ein saft har smak av brus, eller vert det feil?
Vestavind har invitert seks forskjellige sveibuar for å få svar på desse og fleire spørsmål.
For dei fullstendige resultata, sjå lengre nede på sida.
Coop (utan sukker)
Deltakarane sin første smaksprøve vert godt motteke. Etter at dei er ferdige med å gje terningkast, byrjar samtalen med treffsikker gjetting frå ordførar Linn Therese Erve (Ap).
— Hmm, er dette ein sukkerfri ein? Spør Erve.
Dei andre deltakarane nikkar og nokre seier seg samde.
Det vert fire terningkast 4 og to terningkast 3 til den sukkerfrie julebrusen frå Coop.
Hansa
Denne synast å vere populær hos fleire, særleg ungdomskoordinator Flemming Lothe. Før blindtesten fortalte Lothe at favoritten hans er Hansa, så han gjev terningkast 5.
Runden sitt høgaste terningkast tilhøyrer Rita Løkling, ho gjev den full pott i form av ein 6’ar.
Resultatet vert dermed fire 5-arar, ein 3-ar og ein 6-ar.
Hamar og Lillehammer
Så kjem kanskje blindtesten mest kontroversielle innslag. Ein julebrus som ikkje er raud, men brun.
Fleire av deltakarane seier at raud er farga som julebrus skal vere, samstundes som dei understrekar at det er ok med fleire fargar innan julebrus-verda.
Fire 4-arar, ein 3-ar og ein 5-ar.
Lerum
Dette er julebrus som oppnår størst variasjon i vurderingane. Den får grei vurdering av Furevik og Loosch, men halvparten av panelet gjev den berre terningkast 3.
Runden si store overrasking kjem då Lothe trillar det lågaste hittil og gjev terningkast 1.
— Den var rett og slett ikkje god, seier Lothe.
Sjokk-vurderinga utløyser ein spennande diskusjon om korleis julebrus bør vurderast, og kor forsiktig ein skal vere med å ta fram 1’aren når ein møter på dårleg handverk.
— Det må rett og slett vere lov å seie i frå?
— Ja, svarar panelet i saman.
— Men eg håpar dette ikkje var Hansa, då vert eg flau, seier Lothe.
Det er slik ein merkar at panelet tek oppgåva si på alvor, når det vert diskusjon og ulike terningkast.
Tre 3-arar, ein 4-ar, ein 5-ar og ein 1-ar vert resultatet.
Skudenes (lettbrus)
Den mest lokale julebrusen er den som gjer det desidert dårlegast hos Vestavind-panelet.
— Denne smakte klor, seier Veronica Furevik.
Korkje farge eller smak har falt særleg i smak hos panelet, utanom ein av dei.
— Eg gjev den ein 5-ar, seier Loosch.
Resultatet vert ein 1-ar, to 2-arar, ein 3-ar, ein 4-ar og ein 5-ar.
Favoritt fall i smak
Til sist vert rekkefølgja presentert for julebrus-panelet.
For Lothe er det gledeleg å sjå at hans favoritt var ein av brusane dei prøvde.
No får dei smaka meir av det dei ynskjer, samt pepperkaker.
Det har vore ein fin dag for å smake julebrus. Før dei går kjem det fleire gode idear til kva som kan vurderast neste gang.
— Mogelegvis noko med pepperkaker, seier Askeland.
Først går dei vaksne, Askeland til Salamander Bryggeri, Lothe skal fikse noko på ein båt og Erve for å styre Sveio.
Ungdomane skal til skulen, men dei slepp å gå tomhendte frå smakinga.
— Kanskje eg lærar å like den om eg drikk ein til? Seier Furevik.