Talet på sengeplassar blir ikkje endra. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Talet på sengeplassar blir ikkje endra. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN

«Kanskje er det etter lova, men er det forsvarleg?»

I brosjyra til Sveio Eldreråd står oppgåvene/utfordringane til rådet. Referat : Sveio eldreråd arbeider for at kommunestyret og andre styringsorgan skal følgje opp pliktene sine, og leggja tilhøva til rette slik at våre eldre skal kjenne seg trygge og verdsette. Bente Lund Jacobsen, det tidlegare nasjonale eldreombodet, har sagt det på ein annan måte: «Vi skal være vaktbikkja som sier ifra, og trekkhunden som kan trekke mot de gode løsningene.»

Sveio eldreråd har blitt kjent med, og har fått fleire bekymringsmeldingar når det gjeld avslag på søknad om plass på SOS. Dette gjeld både lang- og korttidsplass. Eldrerådet veit og at det er få som klagar på avgjerda ved tenestekontoret. Eldre folk, 85–90–95 år har aldri vore kravstore. Å klage er oftast utenkjeleg. Dei har også ei førestelling om at det kan straffa seg/slå negativt ut ved ein seinare søknad.

Sveio eldreråd veit at omsorgstrappa byrjar nedst og går oppover i tenester. Dette er både nasjonal og kommunal politikk. Sveio kommune ønskjer at dei eldre får bu i heimane sine lengst mogleg. Dette er bra, for dei fleste vil det, men her må ikkje strikken strekkjast for langt. Når sjukdom og alder gjer at ein får store helseproblem / utfordringar, er ønskjet for mange å få ein plass på SOS, og der få den pleie og omsorg ein har krav på. Her må ein også sjå på den nære pårørande som treng avlastning / hjelp for ikkje sjølv å bli pleietrengjande for tidleg.

Ut frå dette er det også ønskjeleg at intervallet i korttidsplass må starta med minimum 2 veker opphald på SOS og 4 veker heime, ikkje som nå 1 veke på SOS og 6 – 8 veker heime.

Faste- og korttidsplassar er difor viktige å kunna tilby, og Sveio kommune treng fleire slike!

Difor går Sveio eldreråd sterkt mot forslaget om færre plassar ved SOS, og dermed høgare terskel for å få plass når ein treng det. Eldrerådet støttar ikkje rådmannen si utsegn i Vestavind 3.nov. der det lyder slik : «Det skal vera både etter lova og etter kva som er forsvarleg». Kanskje er det etter lova, men er det forsvarleg?

Dette er ei sak som uroar fleire enn oss i Sveio eldreråd. Men dette krev pengar. Difor, kjære politikarar i Sveio, vil eldrerådet på det sterkaste oppmoda om at eining Helse og omsorg får ein større del av den kommunale økonomiske kaka. Ver på leiting etter gode løysingar! Ver kreative, snu alle steinar!

Det som er bra i kommunen vår kan bli enno betre!

Og det hastar – den eldre befolkninga aukar i vår kommune også!

John Gustav Eilerås, leiar

Helge Matre, nestleiar

Berit Askevoll Eriksen, medlem

Einar Halleland, medlem

Aslaug Kinn, medlem