nyhende
Slik har det gått etter at bussbilletten blei billigare
I sommar vart prisen på bussbillett mellom Sveio og Haugesund redusert. Talet på passasjerar har ikkje endra seg.
Fram til 1. juli i år måtte buss-passasjerar betale for to sonar mellom Sveio og Haugesund.
Fylkesbyte-saka
Men etter påtrykk frå Sveio, kanskje særleg i samband med fylkesbyte-saka som var oppe for eit år sidan, vart det kravd frå politisk hald at dette måtte ein få endra.
Vestavind har spurt Skyss, som er Vestland fylke sitt samferdsleselskap, om korleis passasjertala har utvikla seg. Pressekontakt Ingrid Dreyer svarar slik:
Ingen endring
— Vi har ikkje automatisk passasjerteljing på bussane i dette området. Vi har sjekka med operatørselskapet som driv busstrafikken i Sunnhordland, og dei melder at dei ikkje har registrert at det har vore noka endring i reisetala etter soneendringa, skriver ho.
Ho legger til at dei fleste som nyttar linje 700 er skuleelevar og faste pendlarar.
— I tillegg er det truleg nokre handlereisande til og frå Haugesund, men det er ikkje registrert at omfanget har endra seg i nemneverdig grad, skriv ho.