nyhende

Mikal Møller Hovda fortel historia om gullgruva på heimstaden i reportasjen.SKJERMDUMP: NRK/NORGE RUNDT
Mikal Møller Hovda fortel historia om gullgruva på heimstaden i reportasjen.SKJERMDUMP: NRK/NORGE RUNDT

Sveionissen og gull-historia skal visast på «Norge rundt»

Både historia om gullrushet i Sveio og den populære Sveionissen i glas blir presentert i beste sendetid på NRK1 fredag, i eit innslag i populære «Norge Rundt».

Publisert Sist oppdatert

Det stadfestar Norge Rundt-vaktsjef Tone Berge i NRK. Dermed blir den spesielle historia om gullgruvedrifta som fann stad på Hovdaneset i Buavåg for meir enn 120 år sidan kjent for heile Noreg. «Norge Rundt» har mellom 500.000 og 600.000 sjåarar.

Det er journalist Olav Røli ved NRK sitt lokalkontor på Stord som har teke turen til gullgruva. Han fortel at han alltid er på jakt etter interessante saker frå lokalkontoret sitt dekningsområde. Det var etter å ha lest om dei spesielle glasnissane i Haugesunds Avis at han fann ut at han ville fortelje historia.

— Eg la i hop to og to. Gullgruve i Sveio og glashytta i Haugesund med dei visuelle mogelegheitene som ligg på eit slik verkstad, fortel han.

Også Vestavind har skrive om den populære Sveionissen.

I tv-reportasjen blir sjåarane tatt med både til Hovdaneset, til Formbar si glashytte i Haugesund – og heim i stua til styreleiar Mikal Møller Hovda i Buavåg. Han er styreleiar i Vestlandske Grube Company AS, og nabo til den nedlagde gullgruva.

Kjekt å kome til Sveio

Den tre minuttar og 20 sekundar lange reportasjen har Røli laga heilt på eiga hand, som såkalla videojournalist.

— Det er kjekt å få høve til å jobbe på denne måten, kor eg og har fått velje musikk til innslaget sjølv. Det er ein litt anna måte å jobbe på enn med dei meir daglegdagse nyhendesakene, seier han.

Olav Røli er journalist ved NRK sitt distriktskontor på Stord.

Røli synes det er kjekt å kome seg til Sveio.

— Sveio har ikkje vore så ofte framme i lyset, med unntak av folkerøystinga om framtidig fylkestilhøyrsle i januar, seier han.

Han synes det er artig at reportasjen blir vist i Norge Rundt.

— Det er jo eit program eg sjølv har hatt ei forhold til sidan eg var ein liten unge, seier han.

På lufta i 46 år

«Norge Rundt» har vore på lufta sidan 1976, og er det NRK-programmet som har levd lengst, berre slått av Dagsrevyen og Sportsrevyen. Denne veka kom nyhenda om at sistnemnde blir lagt ned.

Men «Norge Rundt» lever vidare, til fast tid på fredagar – og stadig med dei kjente tonane frå Edvard Griegs «Norsk dans nr.2». Hausten 2000-talet prøvde NRK seg med å flytte det til sundagar. Og så seint som klokka 21.

— Då blei det ramaskrik, fortel Berge.

Mellom anna vart tidspunktet seint for dei mange sjåarane Norge Rundt hadde blant unge under 12 år. Og Tom Berntzen, som var nyhendesjef den gongen, måtte flytte det tilbake til fredagar.

— Kvifor trur du programmet er så populært den dag i dag?

— Eg trur sjåarar kjenner seg att. Me lagar reportasjar om vanlege folk, og unngår folk med tittel og slips, seier Berge.

Ho trur også at i ei tid med mykje grusamme nyhende, så set folk pris på Norge Rundt.

— Me skal berre ha såkalla gladsaker. Folk skal kunne smile eller humre litt av å sjå innslaga våre, seier ho.

Og fredag kveld kan man altså få smile litt til Sveionissen – og den lokala gull-historia.

Sjå Norge Rundt sin reportasje her.

Powered by Labrador CMS