Ministeren kom til Sveio som føreslått ny nestleiar i Ap: — Veldig hyggelig

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier at det er veldig hyggelig at ho er ynskja som nestleiar i partiet. — Eg tek i mot all skryten eg får, seier ho på skulebesøk i Sveio.

Statsråden var tysdag morgon på Sveio skule for å vitje Loftet, eit lågterskel-tilbod til elevar ved skulen. Sjølv om ho for tida er på tur hjå kommunar langs kysten vart ho tysdag eit nasjonalt tema då ho vart lansert som nestleiar i Ao.

Til NRK seier fylkesleiar i Agder arbeiderparti Cecilie Knibe Kroglund at ho ynskjer Tonje Brenna som nestleiar i partiet, og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier det er gode grunner til å ha to nestleiarar.

Frå før er fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) nestleiar.

— Kva synast du om å bli nestleiar? Har du lyst å bli nestleiar?

— Eg har lyst å gjere jobben min som kunnskapsminister så godt eg kan, og så etter kvart kjem Arbeiderpartiet til å opne ein valkomite og me kjem til å ha eit landsmøte, og me tar det då, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

— Akkurat no er jobben min å vere her og læra om Sveio, og gjere det eg kan for at norsk skule skal bli enda betre, seier Brenna

— Likte du at leiaren i Agder Ap synast du burde bli nestleiar?

— Altså, eg tek i mot all den skryten eg får eg, så det er veldig hyggelig, seier Brenna.

Ho kom ikkje med eit positivt eller negativt svar på spørsmåla om ein framtidig nestleiar-rolle.

— Min jobb er å vere så godt statsråd som eg kan vere, så får me ta det som kjem til landsmøtet når me kjem dit, seier Brenna.

— Så du er open for tanken?

— Eg er open for å gjere en så god jobb eg kan no, og så tar me resten når me kjem dit, seier Brenna.