nyhende
No rivast barndomsheimen for å få plass til elbil-lading
Den gamle bensinstasjon-bygninga på Haukås rivast for å gjere plass til noko sårt etterlengta, ein ladestasjon for elbilar.
Bensinstasjonen på Haukås er ein populær plass å køyre innom. Pendlarar, turistar, reisande og yrkessjåførar kjem alle innom for å strekke på beina, få noko mat, låne toalettet og fylle bensin.
For eit menneskje kan ein stans på Haukås vere ein glimrande anledning til å lade batteria, men for ein el-bil er det ikkje mogeleg.
Det skal snart endra seg fortel Tor Kinn, ein av bygget sine eigarar.
— Det vil kome ladestasjon, men ikkje før til sommaren, seier Kinn.
Gode minnar
Den komande ladestasjonen er del av eit samarbeid mellom Kinn Eigedom og St1, energikonsernet som eig og driv landets Shell-stasjonar. Kinn Eigedom eigast av syskena Tor, Øystein og Åshild.
— No riv me gamle bensinstasjonen. Dei held på for full rulle, seier Kinn.
— Er det vemodig at den gamle stasjonen rivast?
— Ja litt, eg er jo vaksen opp i det bygget, me budde oppe og hadde stasjon nede. Det er klart det er litt vemodig, seier Kinn.
Samstundes viser han til fordelane som reisande vil få med den komande ladestasjonen og meiner det er ein grei bytehandel.
— Me må jo framover, seier Kinn.
Brørne samde om behovet
— Er ladestasjon noko som har mangla?
— Ikkje tvil om det. Det er ikkje ladar langs europavegen eller fylkesvegen i Sveio, då må ein innom sentrum, og den kan vere vanskeleg for framande å finne, seier Kinn.
Då Vestavind tek turen til Haukås møter me Øystein Kinn, bror til Tor og ein av dei to andre eigarane i Kinn Eigedom. Han er samd med bror sin både om prosjektet og gode minnar i huset.
— Det vert bra. Me har ynskja å gjort dette før, men det har vore for store kostnadar å ta på oss åleine, seier Øystein Kinn.
Brørne er positive til endringa som denne veka har byrja på Haukås, og håpar det står klar til sommaren.
Men, Tor Kinn understrek at nokre delar av prosjektet er utanfor deira kontroll, nemleg leveransen av trafo, såkalla omformarar av straum.
— Vert det klart til sommaren?
— Me håpar det, men grunna krig i Ukraina er det ikkje lett å vite om me får trafo’ar. Får me det levert så er me klar, seier Tor Kinn.