nyhende
Låser døra om tre veker – ingen vil ta over nærbutikken
Det nærmar seg siste dag på jobb for innehavar Åse Marie Økland ved nærbutikken på Auklandshamn. Førebels er det ingen som vil ta over. — Det er hardt å stå i butikken no, seier ho.
Vinterens første dag med snø er eit teikn på at jula nærmar seg. For bebuarar i Auklandshamn er det også eit teikn på at nærbutikken tilsynelatande nærmar seg sine siste dagar.
For førebels har ingen meldt si interesse om å ta over for dagens drivar, Åse Marie Økland.
— Me må berre gjere vårt beste og selje ut mest mogeleg. Og håpe at det dukkar opp nokon, seier Økland.
Tømmer hyllene
Dei tilsette har byrja å sette ned prisane på mange varer. Omkring i butikken heng det masse lappar med tilbod og nye prisar.
— Me priser det ned for å få vekk mest mogeleg, så alle er hjarteleg velkomne til å handla, seier Økland.
Sjølv om det på fleire måtar er ein vanskeleg situasjon å stå i, har ho framleis sans for humor og ein lur kommentar på lager.
— Eg kan ikkje ta det med meg, for å seie det sånn, spøker ho.
Ingen arvtakar
Kristian Wathne i Forretningsbygg Stølen SA representerer dei som eig bygninga nærbutikken held til i. Han har førebels ingen gode nyheiter å kome med.
— Eg har ikkje noko nytt å fortelje. Me jobbar framleis med å finne ein kandidat, seier Wathne.
— Er det ingen interesserte?
— Det har vore ei viss interesse, men me har ikkje landa noko endå, seier Wathne.
Uroa for dei eldre
For Åse Marie Økland er det ein spesiell tid framover. For helsa hennar er det positivt at ho skal ta det meir med ro, men samstundes kjem ho til å sakne kvardagen i nærbutikken mykje.
Vanskelegast er korleis det kjem til å råke lokalsamfunnet, særleg dei eldre.
— Mange eldre er bekymra for korleis det skal gå med handling og liknande om me legg ned, det er jo ikkje heimesjukepleien sin oppgåve, seier Økland.
Tidlegare har det vore påpeikt kor viktig nærbutikken er for å halde oppsyn med dei eldre i nærområdet.
Rådgjevar i Merkur-programmet Lars Helgeland har understrekt kor stor rolle ein nærbutikk har for eit lokalsamfunn.
For Økland er det vondt å tenkje på at eit nødvendig val er noko som kan påverke bygda hennar negativt.
— Det er ein bitter pille å svelgje, seier ho.