Billy Økland saman med barnebarnet Mathilde.
Foto: Privat
Billy Økland saman med barnebarnet Mathilde. Foto: Privat

Aktiv pensjonist fyller 90 år

Fredag 16. desember fyller kystskipperen, kristenleiaren og – ikkje minst – familiemannen Billy Økland i Auklandshamn 90 år. Dagen skal feirast med ope hus for familie, slekt og vener. Og dei er det mange av.

Billy vaks opp i Auklandshamn som den eldste av fire søsken. Eigentleg hadde han tenkt å bli malar- og tapetsermeister, men faren, Ole H. Økland, hadde bruk for han om bord i fraktebåten «Høievarde». Dermed var yrkesvegen langt på veg staka ut, sjølv om han aldri har lagt malarkosten heilt bort. Som så mange andre unggutar på den tida, starta Billy sjømannskarriera si i byssa. Seinare blei det kystskipperskule og arbeidsplass i styrehuset. Med åra overtok han båten saman med broren. Dei fornya også flåten, hadde i alt fire båtar som alle bar namnet «Høievarde». Med alle desse gjekk dei i godsrute mellom Bergen og Stavanger i samsegling med fire-fem tilsvarande båtar frå Moster. Dette sikra trygge arbeidsplassar i mange år, men etter kvart blei tradisjonelle frakteskutene utkonkurrerte av meir moderne ro-ro-skip og ikkje minst av trailertransport. Då den siste «Høievarde» forlot Auklandshamn på slutten av 1980-talet, var det klart at eit kapittel i den lokale samferselshistoria var i ferd med å bli lukka for godt.

For Billy var likevel ikkje sjømannskarrieren heilt over. I fleire år var han skipper på Pinsebevegelsen sin misjonsbåt «Fredsbudet». Her fekk han kombinera fagkunnskap og erfaring med det som engasjerte han aller mest, å dela trua si med andre gjennom sang og tale.

Som barn under andre verdskrigen var Billy vitne til at foreldra og besteforeldra sto i spissen for etablering av ein pinsekyrkjelyd i heimbygda. I dag er han ein av dei få som enno lever og kan minnast denne pionertida. Sjølv valde han tidelg å følgja i foreldra sine fotefar med omsyn til trua, og han blei snart aktiv i forsamlinga med trekkspel og sang. I mange år var han også søndagsskulelærar, og i 1975 overtok som leiar for Pinsemenigheten Filadelfia etter far sin. Billy hadde denne tenesta fram til 1982 i første omgang, og deretter frå 1984 til 1985. I alle år seinare, fram til dags dato, har han vore aktivt med i forsamlinga.

Billy er gift med Signy frå Hundvåg i Stavanger. Saman har dei fire born, som med sine familiar, barnebarn og oldebarn, vil desse og mange andre samlast om den lune og stillfarne, men også bestemte jubilanten. Familien har alltid hatt førsteplassen hos Billy. Han og Signy har han stor glede av å farta rundt med campingvogna. Dei fekk seg også ein stor, ny vennekrets då campingvogna etter kvart fekk fast plassering i Ølmedal i Vindafjord. Det er berre eitt år sidan campinglivet blei avslutta. Vogna selde dei i sommar.

Einar Vestvik