Torstein Tysvær Nymoen sluttar som redaktør i Vestavind i løpet av våren 2023.
FOTO: PRIVAT
Torstein Tysvær Nymoen sluttar som redaktør i Vestavind i løpet av våren 2023. FOTO: PRIVAT

Vestavind-redaktøren har fått ny jobb

Torstein Tysvær Nymoen sluttar som ansvarleg redaktør i Vestavind i løpet av våren 2023.

49-åringen har fått tilbod om, og takket ja, til ny jobb som ansvarleg redaktør i Grannar.

Styreleiar Bent Rune Sinnes seier i ei pressemelding at han er takknemlig for innsatsen Torstein har lagt ned i Vestavind det siste året.

— Vi er lei oss for at han slutter, samtidig som vi har forståing for hans valg. Nokon gonger kjem nokre moglegheiter vi ikkje kan la gå fra oss. Denne gongen skjedde det med Torstein, seier han.

Sinnes legger til at styret og staben i Vestavind er offensiv og opptatt av å være best på Sveio.

— Derfor har vi allerede startet prosessen med å finne Torstein sin etterfølger, seier han.

Nymoen har vore redaktør i Vestavind sidan 1. desember 2021.

— Eg trivs veldig godt i Vestavind, og det blir oppriktig vemodig å ta farvel med mine dyktige og gode kolleger ein gong utpå vårparten. At eg har valt å seie opp handlar utelukkande om at det kom eit anna jobbtilbod som det vart for vanskeleg å takke nei til, seier han.

Nymoen var journalist i Grannar i seks år før han kom til Vestavind, og tek altså neste år over som ansvarleg redaktør. Jobben tek han over etter Arne Frøkedal som blir pensjonist neste år.