nyhende

Arquebus-museet i Tysvær er stengt på grunn av funn av asbest og radioaktiv stråling. Foto: Arquebus krigshistoriske museum.
Arquebus-museet i Tysvær er stengt på grunn av funn av asbest og radioaktiv stråling.

Arquebus stengt etter funn av asbest og radioaktiv stråling

Arquebus krigshistoriske museum i Tysvær, ein del av Haugalandmuseet, er stengt etter at det vart avdekt radioaktiv stråling frå ein del enkeltobjekt og funn av asbest.

Publisert Sist oppdatert
Asbesten og den radioaktive strålinga er funne både i utstillingane og i magasina.

I tida framover vil Haugalandmuseet jobbe med prøvetaking og målingar for å kartleggje eventuelle risikoar. Deretter vil dei starte ein prosess for å eliminere risikoar, med sanering og reingjering av dei aktuelle områda, heiter det i ei pressemelding frå museet.

Dei reknar med å opne utstillinga att til sommarsesongen. Dei har fått god hjelp av Forsvarsmuseet og Norsk luftfartsmuseum, som har erfaring med tilsvarande prosessar.

Arquebus krigshistoriske museum er den best besøkte avdelinga av Haugalandmuseet, med publikum frå fleire europeiske land. Det er stor interesse for krigshistorie og motstandsarbeid, og det er ekstra aktuelt i samband med krigen i Ukraina.

Samlingane ved Arquebus består av ulike gjenstandar frå andre verdskrigen, puss gjenstandar knytte til heimevern og forsvar i etterkrigstida.

Arquebus er oppkalla etter Sverre Kr. Andersen, som dreiv illegal radioverksemd under andre verdskrigen under dekknamnet Arquebus. Den originale radiosendaren hans er utstilt på museet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS