nyhende

Både Albatross Spa og Albatross Fitness, som er lokalisert i denne bygningen, er blant dei som ligg an til å få straumstøttte frå Sveio kommune.ARKIVFOTO
Både Albatross Spa og Albatross Fitness, som er lokalisert i denne bygningen, er blant dei som ligg an til å få straumstøttte frå Sveio kommune.ARKIVFOTO

Ni verksemder ligg an til å få kommunal straumstøtte

Ni Sveio-verksemder hadde søkt kommunen om lokal straumstøtte då fristen gjekk ut. Formannskapet avgjer kor mykje dei skal få førstkommande måndag.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommunestyre vedtok 12. desember i fjor at kommunen skal setje av inntil to millionar kroner til straumtilskot til lokalt næringsliv.

Fristen for å søke gjekk ut måndag 9. januar.

Alle søkarar må oppfylle vilkår som følgjer av den vedtatt forskrifta, inkludert krav om at søkar må ha hatt samla straumutgifter på minimum 50.000 inkludert nettleige.

— I tråd med formålet

Tilskotet skal utgjere ein prosentdel av differansen mellom straumutgifter, eksklusiv nettleige, for perioden januar-september 2021 og same periode i fjor.

Ifølgje eit notat Vestavind har fått innsyn i, har alle søkarane har enten brukt cirka like mykje eller mindre straum i den aktuelle perioden i 2022 samanlikna med same periode i 2021, heiter det i eit notat frå rådmannen til formannskapet. Alle søkarar forventar underskot i 2022.

Harry Lie og Lailia Vikse Lie ved næbrutikken i Valevåg skrudde av fleire maskinar for å spare på straum. No ligg dei an til å få straumstøtte frå kommunen.

— Tilskotet vil dermed fungere i tråd med formålet, som var å dekke auka utgifter som følger av auka straumutgifter, konkluderer rådmannen.

Utan moms

Formannskapet skal førstkomande måndag ta stilling til kor stor prosentdel dei skal få dekt. Alle søkjarar får same prosentdel dekka. Det blir presisert frå kommunen at summane er eksklusiv moms. Dette fordi verksemdene kan få skattefrådrag for meirverdiavgift.

Hiernagla Brenneri AS på Ekrene kan truleg ta ein skål for straumstøtte frå Sveio kommune.

Alle søkarane er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og driv innan område med frådragsrett. Dei oppfyller dermed vilkåra for å søke slikt frådrag.

— Straumtilskotet skal ikkje gå til «dobbel» inndekking av meirverdiavgift, blir det presisert i notatet.

Støtta blir gitt i form av eit rente- og avdragsfritt lån, som blir gjort om til tilskot ved innlevering av endeleg rekneskap for 2022. Føresetnaden for at lånet blir gjort om til tilskot er at verksemda endar med underskot i 2022, eller at overskotet blir lågare enn kva straumstøtta vil utgjera. Viser rekneskapen eit overskot som overstig støtta, må lånet tilbakebetalast.

Desse har søkt:

Valevåg Landhandel AS

Thor G. Thuestad Drift AS

Hiernagla Brenneri AS

Sveio Byggsenter AS

Albatross Spa AS

Albatross Fitness AS

Monte Rosa AS

Fontana Filippidi

Valevåg Camping og Hyttetun AS

Powered by Labrador CMS