nyhende
Stussar over at få søkte om straumstøtte
Så få verksemder søkte Sveio kommune om straumstøtte at det meste av dei to millionane som politikarane har løyvd vil stå ubrukt.
Måndag kveld tok formannskapet stilling til kor stor prosentdel av auka i straumutgiftene dei ni verksemdene som har søkt skulle få dekka. Eit samrøysta formannskap landa på 60 prosent.
Sakna fleire søkjarar
Det er differansen på den samla straumutgifta i perioden frå januar til september 2022, samanlikna med same periode i 2021, som ligg til grunn for reknestykket. Alle dei ni får lik prosentdel av auka dekka, og det er eit kriterium at dei forventar underskot når rekneskapen for 2022 gjerast opp.
Det er ein del tog som går utan at alle nyttar mogelegheita til å hoppa på, men blir ståande på perrongen utan at vi veit kvifor
Nøyaktig kor mykje pengar kvar og ein får er førebels uklart, og difor heller ikkje gjort offentleg. Men det er på det reine at det aller meste av dei to millionane som kommunestyret løyvde til formålet vil stå ubrukt.
— Det er jo slik at om vi dekker 100 prosent av auka til verksemdene, så har vi framleis nesten tre firedelar igjen, sa Håkon Skimmeland (Ap).
Han gav vidare uttrykk for at når han såg kven som hadde søkt, så stussa han på kvifor ikkje andre hadde søkt. Han tok difor til orde for at ein kanskje burde gått ein ny runde for å få fleire til å søkje.
— Det er ein del tog som går utan at alle nyttar mogelegheita til å hoppa på, men blir ståande på perrongen utan at vi veit kvifor, sa han.
— Sunt næringsliv
Lars Einar Hollund (H) meinte derimot at mangelen på fleire søkjarar er eit teikn på at Sveio kommune har eit sunt næringsliv.
— Dette viser éin ting. Og det er at mange har høge straumutgifter, men styrer fornuftig og unngår underskot gjennom andre tiltak dei gjer internt, trur eg, sa han.
Han minna elles om at det kan vere greitt å ha pengar igjen til eventuelt andre tiltak seinare.
— Eg trur me skal dele ut til dei som har søkt no, og så vente litt. Eg trur gjerne det kan blitt tøft neste år òg sa han.
Rune Teikari (Frp) var klar på at det viktigaste var å få betalt ut til dei som no har søkt, slik at dei får hjelpa dei treng. Han trur elles at årsaka til at det var få søkjarar betyr at mange næringsdrivande er ærlege på at dei kjem til å levere overskot for rekneskapsåret 2022, og difor ikkje fell innafor kriteria for ordninga.
— Eg er òg usikker på kor mykje meir arbeid i denne saka vi skal legge på administrasjonen, og kor mykje vil skal gjete folk som ikkje har søkt innan fristen, sa han.
Til slutt var politikarane samde om at ordninga var kommunisert godt nok ut, og at fristen difor ikkje vert utsett, og at det vil sjå an behovet for eventuelt andre støtteordningar seinare.
PS! I vedtaket la formannskapet til at eventuell støtte som verksemdene skulle få frå anna hald for å dekke auka straumutgifter, skal kome til frådrag i utrekninga.