nyhende

Solveig Mjånes og Magne Bårdsen handla i Sveio på dagen der prisane aukar.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Solveig Mjånes og Magne Bårdsen handla i Sveio på dagen der prisane aukar.

Sveibuar reagerer på prisauka

Onsdag 1. februar auka prisane i dei fleste daglegvarebutikkane. Dei handlande i Sveio var ikkje nøgd med at enda fleire ting vart dyrare.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag auka prisen på ei rekke matvarar. To som var ute og handla same dag var Solveig Mjånes og Magne Bårdsen.

Dei hadde kome til Sveio senter frå Auklandshamn, bygda som nyleg vart uten nærbutikk.

— Kva synast de om prisauka?

— Det er ikkje bra for ein med den litle løna ein har som minstepensjonist, seier Mjånes

—Viss ein berre kjøper det ein treng, så går det fint. Me har vakse opp med trongare tider, seier Bårdsen.

Milky Aasheim saman med dottera si Anna Sofie (snart 2).

Ei anna som handla var Anne Grethe Sydnes. Ho ynskja ikkje å bli teken bilete av, men delte gjerne nokre ord om prisauken.

— Eg synest det er dårlig. Det har allereie auka mykje, seier Sydnes.

Milky Aasheim var på ein handeltur saman med dottera si Anna Sofie (snart 2 år).

—  Ja, det vert dyrare overalt i verda, seier Aasheim.

— Kva synest du om at prisane stig?

— Eg kan ikkje gjere noko med det, seier Aasheim.

Powered by Labrador CMS