nyhende

Vann kamp nummer 1.000: — Ein fin presang med siger

Ole Johan Sveen vann sin kamp nummer 1.000 som trenar, og vart feira med kake, blomar og heider. — Gutane gav meg ein fin presang med denne sigeren, seier Sveen.

Publisert Sist oppdatert

Kampfakta

SVEIO – HAUGESUND 

Volleyball, 2. div. herrer, region sydvest

3–1 (26–24, 19–25, 24–14, 25-22)

Dommarar: Torbein Kvil Gamst og Weronika Barbara Pawlica

Tysdag kveld var både ein vanleg og spesiell aftan for Ole Johan Sveen. Volleyballtrenaren såg laget sitt spela mot Haugesund, i det som var hans kamp nummer 1.000.

Det gjekk ikkje under radaren hos korkje leiinga eller publikum.

Stolt dotter

Tre kollegaer frå eit anna engasjement, lokalpolitikken, kom ned for å gratulera Sveen. Først Asle Georg Halleraker og Stian Nygård, og så ordførar Linn Therese Erve med eit raudt Sveio-skjerf rundt halsen.

I inngangsdøra sto det ei stor kake til ære for trenaren. Ingrid Øverland Våge og Marthe Olesdatter Sveen skar opp til eit svoltent publikum. Våge er leiar for Sveio Volleyball, og Sveen er lagleiar for herrelaget.

— Eg er også dottera til trenaren, og har ein son på laget som skal spela, seier Sveen.

— Korleis er det å samarbeida med familie, held dykk det profesjonelt?

— Ja sjølvsagt, men på heimebane vert det naturlegvis mykje snakk om volleyball der også, ler Sveen.

— Dei gjer ein god jobb begge to, både far og dotter, seier Våge.

Kjensla dei hadde på førehand var at det kom til å verta ein jamn kamp. Men før den kunne spelast var det ein trenar som skulle heidrast.

Kvardagshelt

Våge las opp nokre ord på vegner av generalsekretæren i Noregs volleyballforbund, Kristian Gjerstadberget.

— Ole er det som kallast ein kvardagshelt, seier Våge.

Generalsekretæren hadde varme ord om kor mykje forskjell ein som Ole Johan Sveen gjer i kvardagen til mange barn og unge.

Ein rungande applaus kom frå heile salen då blomar vart overrekt, og høgast av alle klappa laget hans. Dei sto på line for å gje ein høg femmar kvar til trenaren. Og dei var klare for kamp.

— Går dykk for siger?

— JA! SVEIO! SVEIO! Ropar dei til svar.

Blant publikum var det også mange engasjerte. Heile 80 personar var til stades på tribunen.
To av dei var Gry Aronsen og Sofie Våga.

— Sonen min er ein av spelarane, Jone Fagerland, seier Aronsen.

Ho var kledd i eit raudt Sveio-skjerf som ikkje vert laga lengre. Det vifta ho stolt. Både ho og Våga hadde ei kjensle av at det ville bli ein jamn kamp, men håpa på siger.

Spennande kamp

Oppe på tribunen kom tre tiandeklassingar med både ros og spådom.

— Me har trua på spelar nummer 11, Tomas Dale, seier Olai og Ahmed.

Saman med kameraten deira Mathias var dei til stades for å heia på Sveio. Og sjølvsagt var dei stolte av trenaren.

— Ole Johan veit alltid kva han gjer. Han er som Jürgen Klopp (trenar for Liverpool fotballklubb). Eg har trua på han, seier Mathias.

Sveibuane som trudde på siger fekk heilt rett, då Sveio vann 3–1 mot Haugesund

— Det vart veldig spanande, seier Marthe Olesdatter Sveen, lagleiar for herrelaget.

Ein fin presang

Kaptein Ådne Christianens gjorde ein solid jobb kampen sett under eitt. Han var matchavgjerande og gjorde ingen feil i dei jamne setta i ein veldig jamn kamp. Han heldt hovudet klårt og varierte angrepsutvegar til Sveio gjennom gode kantlegg og blokk og dip i avgjerande situasjonar.

— Sveio avslutta kampen med solid serving, som er viktig for å vinna og halda initiativet. Laget svinga litt i prestasjonane, men det var fantastisk at dei klarte å gi trenar Ole Johan ein siger i kamp nummer 1.000. Sveio hadde godt feltforsvar, og Kristian Urnes kom inn og stabiliserte servemottaket. Arne Martin Helland heldt hovudet kaldt på slutten og heldt oppe servetrykket, seier lagleiaren.

Og trenaren sjølv var nøgd med jubileumskampen.

— Me vann 3–1, eg hadde det fint. Gutane gav meg ein fin presang med denne sigeren.

Tabellen med ein kamp igjen å spela for Sveio:

Powered by Labrador CMS