nyhende

Legg ned barnehagen etter 44 års drift

Foreldre og tilsette i Bråtveit natur og kulturbarnehage blei i veke 6 informerte om at barnehagen må avvikla i august. — Dette har vore babyen min, og det er surt å måtta gje opp, seier styrar Astrid Wallem Hagen.

Publisert Sist oppdatert

Ho er ivrig friluftsmenneske, og omsette draumen om å formidla gode opplevingar i og med naturen då ho blei styrar i Bråtveit barnehage i 2002. Barnehagen er eigd av Bråtveit bedeshusstyre, blei starta i 1979 og ligg fem minuttar køyring nord for Sveio sentrum.

No er det altså snart slutt. Ikkje fordi dei vil, men fordi økonomien seier stopp.

— Me har framleis midlar på konto, men dei siste to åra med pandemi har tappa store delar av bufferen. I staden for å halda fram til me går konkurs, vel me å avvikla med kontroll. Det er det beste for både barn, føresette og tilsette, seier Wallem Hagen.

Varsla tidleg

Omsynet til barn og føresette er også hovudgrunnen til at dei allereie no har varsla opphøyr i midten av august.

Styrar Astrid Wallem Hagen.

— Me avviklar i forkant av eit hovudopptak, noko som lettar dei praktiske konsekvensane for dei som per dato har plass hos oss. Minst like viktig er det å behalda relasjonane mellom barna både i vår, og i så stor grad som mogeleg vidare frå hausten av, seier Wallem Hagen.

Med ei tidleg avklaring får ein ein god vår og sommar med ro og tryggleik rundt avviklinga. Alle får tilbod om ny barnehageplass frå august, og dei som ønsker det kan samlast i Sveio barnehage. Det er også ledige plassar andre stadar dersom nokon heller vil det.

Rammar små barnehagar hardt

Hovudårsaka til at det ikkje går rundt økonomisk lenger, er tilskotssystemet for private barnehagar.

— Reguleringar for å hindra store private barnehageeigarar å tena for mykje, rammar små, private barnehagar hardt. Tilskotssystemet for private barnehager er for lite heilskapleg og gjennomtenkt. I ein barnehage som vår, der dei tilsette både har høg utdanning og lang ansiennitet, blir ikkje ein gong reelle lønsutgifter dekka med dagens system, seier Wallem Hagen.

Private barnehagers landsforbund har i fleire år peika på utfordringa med at tilskotsordninga er for lite treffsikker, og har uttrykt spesiell bekymring for små, enkeltståande barnehagar sitt inntektsgrunnlag. Berre i fjor blei 106 barnehagar lagt ned. At det blir kutta i pensjonstilskot utan å sjå på heilskapen i systemet, gjer ikkje saka betre, meiner Wallem Hagen.

Tøft og krevjande

— På toppen av dette fekk me to år med pandemi. Det medførte vikarutgifter, inkludert nødvendig bemanning og kostnader til dette, som ikkje blir dekt. Dette har gitt store ekstrakostnader over tid.

Avviklinga er sjølvsagt tøff og kjevjande for dei tilsette også.

— Det er arbeidsplassen vår det er snakk om. Ein arbeidsplass me er glade i og stolte av på grunn av barn, foreldre, kollegaer, mogelegheitene me har i miljøet rundt oss, og tilbodet me driv, trivest med, er stolte av og har trua på. Berre så utruleg synd at forholda ikkje lenger ligg til rette for drift, og at eit nisjetilbod som vårt forsvinn, seier Wallem Hagen.

Imponerande arbeid

Men dei har bestemt seg for å ha ein fin vår og sommar saman. Dei er stolte over kva dei har fått til frå oppstart og drift på dugnad til i dag.

— Me har kontinuerleg bygd kompetanse og hatt fokus på natur og friluftsliv. Me kan skilta med å ha fått den nasjonale Forskerfrøprisen to gonger. Me var i perioden 2011–2021 deltakarar i tre internasjonale nettverksarbeid og forskningsprosjekt med fokus på naturfagleg arbeid med barn. Dette som Noreg sin representant frå praksisfeltet. Me har vore praksisbarnehage i mange år for studentar både frå Høgskulen på Vestlandet, Danmark og Finland, samt arena for diverse studiebesøk frå inn- og utland, for å nemna litt, seier Wallem Hagen.

Magiske augneblinkar og østers

Sist, men ikke minst, er dei stolte av og glade for alle dei magiske augneblinkane dei har skapt saman i kvardagen med barn, foreldre og kollegaer.

— Ein føresett sa ein gong dette om Bråtveit natur og kulturbarnehage: «Barnehagen her er som ein østers. Den ser kanskje ikkje så spennande ut ved første augekast, men når ein opnar den finn ein ei perle inni.» Me skal gjera vårt beste for at Bråtveit skal forbli ei perle til «the bitter end», avsluttar Wallem Hagen.

Powered by Labrador CMS