Det kan bli mykje snø om meldingane slår til. KART: METEOROLOGISK INSTITUTT
Det kan bli mykje snø om meldingane slår til. KART: METEOROLOGISK INSTITUTT

Mykje vêr fram til i morgon

Rundt klokka 13.00 i dag kjem eit kraftig lavtrykk inn over Vestlandet. Det er sendt gult farevarsel både for mykje snø og kraftige vindkast.

Det er særleg langs kysten at vinden vil merkast godt. I skrivande stund bles det storm på Utsira, og utover ettermiddagen vil vindkasta koma opp mot sterk kuling i Vestavind sitt område. Vinden avtar seint på kvelden.

I samband med lavtrykket er det også meldt fare for mykje snø. Dette gjeld for Vestland og store deler av Rogaland. Det er venta 10–15 centimeter snø i løpet av 12 timar frå torsdag ettermiddag til fredag morgon. I indre strok kan det lokalt koma opp i 25 centimeter snø, og i høgda kan det koma enno meir.

Frå fredag morgon er nedbøren venta å gå over til regn.

Som følge av både snø og overgang til regn, kan det bli lokalt vanskelege kjøreforhold. Anbefalinga er å pårekna god tid til reiser, bruka riktige dekk og kjøra etter forholda.

Oppdaterte farevarsel finn du her