nyhende
Statssekretær svarar Valen
Arne Valen (Sp) inviterte unnskapsminister Tonje Brenna (Ap) og barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) for å sjå konsekvensane av regjeringas politikk mot Bråtveit barnehage. No får han svar frå ei av dei.
Lesarinnlegget til Arne Valen (Sp) og artikkelen om nedlegging av Bråtveit kultur og naturbarnehage er delt med både Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet.
Departementa er bedne om å koma med tilsvar til innlegget og artikkelen.
Ynskjer private barnehagar
Statssekretær Kjetil Vevle (Ap) er tilsett og jobbar under kunnskapsminister Tonje Brenna.
Han kjem med eit svar til Valen (Sp).
— Denne regjeringa ynskjer framleis private barnehagar. Dei er med på å skapa eit godt og variert tilbod. Regjeringa ynskjer at private barnehagar skal vera ein naturleg del av det kommunale velferdstilbodet, og ikkje bli oppfatta som eit investeringsobjekt for kommersielle aktørar. Regjeringa har gjennomført fleire viktige og nødvendige endringar i regelverket for private barnehagar. Det skal bli meir openheit om kva pengane i barnehagane brukast til, seier Vevle.
Ser på endringar
Statssekretæren fortel vidare at dei ser på endringar i regelverket.
— Me er i gang med å gjennomgå regelverket for finansiering og styring av barnehagesektoren innan utgangen av 2023, og vil legga fram eit heilskapeleg forslag til regelverksendringar. Det er eit mål at kommunane skal få betre mogelegheiter til å prioritera små privateigde og ideelle barnehagar for å kunna ivareta eit mangfaldig barnehagetilbod, seier Vevle.