Svein Olaf Bua og Heidi Kolststø (ståande) gjekk rundt under gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Svein Olaf Bua og Heidi Kolststø (ståande) gjekk rundt under gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 1 av 17
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 2 av 17
Ordførar Linn Therese Erve snakka på vegne av kommunen. og tok jobben som sekretær i ei av gruppene. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Ordførar Linn Therese Erve snakka på vegne av kommunen. og tok jobben som sekretær i ei av gruppene. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 3 av 17
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 4 av 17
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 5 av 17
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 6 av 17
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Frå gruppearbeidet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 7 av 17
Heidi Kolstø informerer. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Heidi Kolstø informerer. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 8 av 17
Tid for kveldsmat. Elisabeth Enerstvedt serverer. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Tid for kveldsmat. Elisabeth Enerstvedt serverer. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 9 av 17
Mikal Møller Hovda snakka som kommunestyrerepresentanten frå bygda. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Mikal Møller Hovda snakka som kommunestyrerepresentanten frå bygda. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 10 av 17
Nils Konrad Bua snakka på vegne av å vera Bua-gut. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Nils Konrad Bua snakka på vegne av å vera Bua-gut. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 11 av 17
Kjetil Tufteland fortalde om det store utbygginga av Bømlo fiskerihamn. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Kjetil Tufteland fortalde om det store utbygginga av Bømlo fiskerihamn. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 12 av 17
Kjetil Tufteland fortalde om det store utbygginga av Bømlo fiskerihamn. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Kjetil Tufteland fortalde om det store utbygginga av Bømlo fiskerihamn. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 13 av 17
Alf Edvin Hovda fortalde litt om prosjektet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Alf Edvin Hovda fortalde litt om prosjektet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 14 av 17
I overkant av 100 møtte på bygdamøtet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
I overkant av 100 møtte på bygdamøtet. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 15 av 17
Klare til innsats. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Klare til innsats. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 16 av 17
Klare til innsats. FOTO: BJØRN ENERSTVEDT
Klare til innsats. FOTO: BJØRN ENERSTVEDTBilde 17 av 17

Sydande liv på bygdemøtet i Bua

At ein tilfeldig forbipasserande kan lura på kva som skjer i skulehuset på Bua ein vanleg tysdagskveld i midten av mars, er ikkje å undrast over. I god tid før klokka blei 18.00 strøymde folk inn dørene til gymsalen. Parkeringsplassane ved bedehuset og skulehuset og langs vegen fyltest med bilar, og på portane og ved inngongsdøra lyste det frå mange faklar. Og på taket til teltet som var sett opp for anledningen, dala store, kvite snøflak.

For oss som var av dei mange som tok turen til skulehuset denne kvelden, kunne me for første gong i historia (?) oppleva å gå på raud løpar inn til gymsalen.

Og kva venta oss inne?

Her var eit sydande liv! Komiteen for Liv og Lyst-prosjektet møtte oss med alkoholfri sjampanje i stettaglas, borda var dekka med serviettar i regnbogefargar, vimplar med dei same fargane hang ned frå taket. Regnbogen var plassert på den eine veggen og landa i ei skattekiste. På bordet blei det sett fram fat med snop og frukt. Det lukta kaffi og middagsmat.

Og kvifor skjedde dette?

Jo, fordi bygda hadde fått bevilga pengar av kommunen og fylket til eit prosjekt som heiter Liv og Lyst. Dette prosjektet har som mål å skapa aktivitet i bygde-Noreg. Bua Bygdelag er ansvarleg og eigar av prosjektet, og har oppnemnt ei styringsgruppe som har ansvar forgjennomføringa.

Dei som er med i styringsgruppen for Liv og Lyst-Bua er: Kristin Robberstad, Maria Christina De Winter, Linda E.R. Følsvik , Lars O. Hovda, Berend de Waal, Alf Edvin Hovda og Svein Olaf Bua leiar i styringsgruppa for Liv og Lyst-Bua og leiar i Bua Bygdelag.

Det var viktig å samla mykje folk første kvelden. Dermed kunne ein sikra at prosjektet kunne vara lenger.

Og marknadsføringa av prosjektet kunne me ikkje klaga på. Gjennom eit uttal påminningar på Bua bygdelag si Facebook-side, gjennom sms-ar, og ikkje minst ved hjelp av ein flott plakat i alle postkassar, fekk me vita at denne kvelden burde me setja av. Plakaten hadde forresten Birgitte Bua laga.

Svein Olaf ønskte alle dei om lag 100 fastbuande og hyttefolka velkomen. Alf Edvin fortalde litt om prosjektet. Ein representant frå Bømlo fiskerihavn fortalde om det som skjer i Langevåg. Ordførar Linn Therese Erve snakka på vegne av kommunen. Ådne Christiansen påvegne av Sveio Ungdomsråd. Nils Konrad Bua på vegne av å vera Bua-gut, og Mikal Møller Hovda som kommunestyrerepresentanten frå bygda.

Deretter fekk me mat. Kortreist kvelds og mellemat. Nydelege fiskekaker som Henny G. Brugger hadde laga, matjesild frå ArjenKraijenveld, og gode, saftige wraps. Alt smakte utruleg godt.

Men me var ikkje komne for å berre nyta. Me måtte også yta! Gruppearbeid — kor er me nå, kva har me her? Kva vil me? Korleis få ting til å skje?

Mange idear blei skrivne ned, og hengde opp framme i salen. Tjernagelsvegen fekk mykje omtale for sin dårlege standard og trong for fornying.

Komiteen skal henta saker ned frå alle ideane, og så skal me visstnok samlast igjen i april.

Etter gruppearbeidet blei mellematen servert! Også her bidrog Henny med nydelege nordlandskaker, Hayley Langgaard stilte med fantastiske cupcakes, og kanelbollar var også på bordet.

Kvelden gjekk mot slutten. Men før me gjekk, måtte me ta fram det loddet me fekk i starten. For nå var det basar! Det blei lodda ut gåvekort på Prestevegsmiddag, 17. maimiddag, mannafrokost, rekefest, og til slutt to nydelege bilete av dei lokale kunstnarane Jonny Hansen og Birgitte Bua.

Det er jamen kjekt å sjå kor mange folk som bur i denne bygda. Mange av dei har eg for min del aldri sett før! For min del håpar eg at ein del av dei me sjeldan ser, kan få lyst å vera med på det som skjer her. Kanskje til og med bli med i dei lokale laga våre. Me treng sterkt nye folk!

Astrid Hovda, ei av dei hundre