nyhende
Konserveringstønad til kulturkyrkje
Valestrand kulturkyrkje si altertavle har fleire sprekkar i seg og treng konservering. No får dei stønad frå Riksantikvaren. — Det var kjekt og litt overraskande, seier kyrkjeverje Ottar Krakk.
Kulturkyrkja i Valestrand treng midlar for utbetring til fleire ting. Tidlegare har dei fått pengar til måling av kyrkja, som skal vera klart til den fyller 150 år i oktober.
Men også på innsida er det noko som har teke skade av tidas tann, nemleg altertavla.
Sprekkar i tavla
— Me såg at den hadde fått noko skade, seier Ottar Krakk, kyrkjeverje for kyrkjelydane i Sveio.
— Kva er skada?
— Altertavla har fått nokre sprekkar i seg. Kva som gjer at ho har fått sprekkar veit me ikkje, men det gjer at det vert fleire rifter av varierande storleik i den, seier han.
Kyrkjeverja fortel at altertavla består av ei form for papp som er måla på.
— Og så er det avskaling av måling der det er måla direkte på treverket, seier Krakk.
Kyrkjekunst viktig for Noreg
Dei fekk altertavla vurdert av ein frå Arkeologisk museum i Stavanger. Vurderinga gjorde at dei valde å søkja på ei tilskotsordning hos Riksantikvaren. Valestrand kulturkyrkje har no fått 160.000 i tilskot til konservering.
Dei eldste kyrkjene vert vanlegvis prioritert, så Krakk og kyrkjerådet i Sveio hadde låge forventningar.
— Det var kjekt og litt overraskande at me fekk den støtta, seier han.
Hanna Geiran er riksantikvar og forklarar utdelinga i ei pressemelding.
— Kyrkjekunsten i Noreg er svært viktig. Noreg var eit fattig land, og i fortida var oppdrag til kunstnarane i stor grad utsmykking av kyrkjene, seier ho.
150 år i oktober
Tilskotsordninga har 3,650 millionar kroner å dela ut, og i år har 25 kyrkjer fått tilskot. Kyrkjer kan også søkja til mykje anna utanom konservering. Kravet er at ein fagutdanna konservator vert gjeven oppdraget. Difor har Valestrand kulturkyrkje gjeve oppdraget til dei same som gjorde vurderinga.
— Me har bedt Arkeologisk museum å gjera det, for dei har solid kompetanse. Me treng dei med mykje erfaring, for dette er ikkje noko kven som helst kan gjera, seier Krakk.
No håpar kyrkja at dei rekk å konservera altertavla innan 150-årsmarkeringa frå 16. til 22. oktober.
— Me er litt usikre på om Arkeologisk museum har kapasitet innan jubileet i oktober. Dei held på med domkyrkja i Stavanger for tida, seier Krakk.