nyhende
Leitar etter løysing for Bråtveit
Formannskapet i Sveio kommune har bedt rådmannen undersøka reglar rundt stønad til Bråtveit natur- og kulturbarnehage. — Me vil sjå om det i det heile tatt er mogeleg å hjelpa barnehagen, seier Rune Teikari (FrP) og Lars Einar Hollund (H).
— Det er trist det som skjer med barnehagen, seier Lars Einar Hollund (H).
Nyheita om at Bråtveit natur- og kulturbarnehage skal leggjast ned etter 44 år, var for mange ein svært opprørande beskjed.
Ei regulering for tilskot til private barnehagar påverkar Bråtveit på ein slik måte at den ikkje lengre er økonomisk levedyktig.
— Det er fint og flott at dei jaktar på desse store kjedene som tek ut profitt, seier Rune Teikari (FrP) med eit sarkastisk stikk til regjeringa før han fortset
— men ikkje når det går på kost av gamle, veldrivne barnehagar. Det kan umuleg ha vore intensjonen, seier Rune Teikari (FrP).
Undersøkjer mogelegheit
Saman med Jarle Jacobsen (KrF) la dei fram eit vedtak i møte hos formannskapet måndag den 20. mars.
Der fekk dei samrøysta at formannskapet ber rådmannen om ei sak om barnehagen på Bråtveit.
Nemleg om det er mogeleg for kommunen å støtta den i ein kortare periode.
— Fram til regjeringa sjekkar forskriftene, seier Teikari.
— Eventuelt at me kan halda liv i den til eit regjeringsskifte, seier Hollund.
— Kor lenge er dykk villige til å halda den i live med kommunal stønad?
— Det er for tidleg å svara på. Først må rådmannen undersøka saka, svarar dei.
Kan vere ulovleg
Håpet deira er at ein gjennomgang av reguleringa frå regjeringa si side kan gjera at små barnehagar som Bråtveit ikkje vert påverka av endringa i tilskotsordninga. Den er varsla ferdig innan utgangen av 2023.
Frå Sveio kommune sin side må dei først og fremst finna ut om det i det heile tatt er lov å hjelpa.
Det såkalla likskapsprinsippet gjer at det offentlege ikkje kan forskjellsbehandla bedrifter. Noko som betyr at sjølv midlertidig hjelp, utelukkande for å halda liv i Bråtveit, kan vera ulovleg.
— Me må få fakta på bordet, seier Teikari.
Ikkje teater
— I år er det val. Dykk er politikarar og barnehagen er ei sak som engasjerer mange. Det er ikkje sikkert det er mogeleg å hjelpa ein gong. Er dette eit politisk spel?
— Eg trur viss du spør dei tilsette, så er det ikkje teater. Eg har snakka med fleire tilsette, og det går i sjela på dei, svarar Hollund.
— Det handlar om å finna ut handlingsrom, seier Teikari.
Hollund legg til at han har sjølv hatt eit barn som har gått i barnehagen på Bråtveit.
— For oss som bur her er det ein tragedie. Mistar me denne barnehagen, vert det høgare terskel for å etablera seg her, seier han.
Tap av mangfald
Teikari peikar på at ei nedlegging vil gje eit tap av mangfald i kommunen sitt barnehagetilbod.
— Det betyr noko for folk at dei har eit mangfaldig tilbod, seier han.
— Og den ligg strategisk til for veldig mange, med berre tre minutt til både Fylkesveg 47 og E39, seier Hollund.
Dei håpar svaret er klart innan siste kommunestyremøte før sommarferien den 12. juni.