Under «Earth Hour» eller jordtimen skrur tusenvis av menneske av lyset heime. Då er det greitt å ha nokre stearinlys liggande. ILLUSTRASJONSFOTO: HEIKO JUNGE / NTB
Under «Earth Hour» eller jordtimen skrur tusenvis av menneske av lyset heime. Då er det greitt å ha nokre stearinlys liggande. ILLUSTRASJONSFOTO: HEIKO JUNGE / NTBBilde 1 av 2
Ein kan gjera meir for klimaet og naturen enn å sløkka lyset. Ein kan mellom anna plukka boss når ein er ute på tur. Her frå Haukeliseter. FOTO: MARIANNE LØVLAND / NTB/ NPK
Ein kan gjera meir for klimaet og naturen enn å sløkka lyset. Ein kan mellom anna plukka boss når ein er ute på tur. Her frå Haukeliseter. FOTO: MARIANNE LØVLAND / NTB/ NPKBilde 2 av 2

Tusenvis sløkker lyset éin time denne laurdagen

Kvart år viser millionvis av menneske engasjement for klima og natur ved å sløkka lyset i éin time mellom klokka 20.30 og 21. 30. Men det finst fleire andre måtar å markera på også.

– Sløkk gjerne lyset, men ikkje la engasjementet stoppa der, seier generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet Karoline Andaur i ei pressemelding.

Jordtimen

«Earth hour», eller jordtimen, blir markert laurdag 25. mars, og tusenvis av menneske over heile verda følgjer nettopp oppfordringa frå generalsekretær Andaur.

– Earth Hour er ei viktig påminning om det akutte behovet for å verna den eine heimen me alle deler og kor lita tid me har til å gjera det. Me håpar derfor at både enkeltpersonar, bedrifter og offentlege aktørar vil bli med på årets markering for å visa engasjement.

På tampen av 2022 blei ein ny naturavtale inngått. Målet med han er å stoppa og reversera naturtap innan 2030. Men Andaur seier ein kan gjera andre ting enn å sløkka lyset ein time òg.

Alle bidrag tel

– Ein kan til dømes bruka ein time på å gjera sykkelen klar for våren slik at bilen oftare kan stå, så frø av pollinatorvenlege planter, plukka plastsøppel i nærmaste park eller sjå ein naturdokumentar og læra meir om den fantastiske naturen me er omgjevne av. Det er mange moglegheiter og alle bidrag, uansett størrelse, tel, seier ho.

WWF har arrangert Earth Hour i Noreg sidan 2009, og fleire offentlege aktørar deltek i år òg. Blant dei er Det kongelege hoff, Grand Hotel Oslo, Rockheim og Stavanger og Lillehammer kommunar.