nyhende

Skal finna areal i Sveio som er aktuelle for havvindnæringa

Onsdag lyste regjeringa ut områder kor havvind kan byggast. — Sveio må dra nytte av satsinga i regionen og posisjonera oss for å ta del i verdiskapinga, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Publisert Sist oppdatert

Selskap som ønskjer å byggja ut havvind i Noreg, kan no melde interesse for å bli godkjend og delta i auksjonane.

Statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland (begge Ap) lyste ut konkurransen om dei to første havvindprosjekta onsdag.

— Å leia Noreg gjennom det grøne skiftet, er ein av våre viktigaste oppgåver som regjering. For å utvikla Noreg vidare, er svaret på nesten alle spørsmål at me treng meir kraft. Derfor er dagen i dag ein milepæl, sa Støre.

Dei to prosjekta er Sørlige Nordsjø 2, fase 1, og Utsira Nord.

Det første ligg 200 kilometer frå norskekysten, heilt ned mot havgrensene til Danmark og Tyskland.

Vart stolt

Vindmøllene på Utsira Nord vil ligga heilt i siktlinja for dei 192 bebuarane på Utsira utanfor Haugesund.

Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve (Ap), seier det er Utsira-prosjektet som er mest spanande for Sveio.

— Det vil gje store mogelegheiter for heile Haugalandet. Og for Sunnhordland sin del er det ein rapport som seier at området kan ta ein stor del av vedlikehaldsarbeidet. Me er allereie rigga til å skaffa gode arbeidsplassar der, seier ho.

Under pressekonferansen var ho i Oslo saman med fleire ordførarar frå Haugalandet og administrasjonen i Haugaland Vekst.

Nokre av orda til statsministeren under pressekonferansen gjorde haugalendingane ekstra glade.

— Då statsministeren nemde at Utsira skal få noko igjen frå havvinden, og både namna til ordførarane frå Utsira og Haugesund vart nemnt, då vart eg både rørt og stolt, seier Erve.

Skal finna eigna næringsareal

Ho fortel at haugalendingane har jobba godt saman om havvind. I Oslo fekk dei også unnagjort ei rekke andre viktige møter.

— Me har også hatt nokre møter med Olje- og energidepartementet, og eit lite seminar med statssekretær Andreas Bjelland Eriksen (Ap), seier Erve.

Framover skal Sveio finne eigna næringsareal langs kysten, som kan vera aktuelle for havvind-næringa. Kommunen vil ha hjelp frå sveibuene.

Inviterer sveibuar til ope møte om havvind

— Me inviterer til open møte rett etter påske der alle kan koma og gje sine innspel. Det er viktig for oss å tiltrekka oss næringsaktivitet og posisjonera oss for det som skjer i regionen, seier Erve.

Møtet vert halde tysdag 11. april, klokka 17.00 på kommunehuset.

I hovudstaden vart det også litt tid til noko kvar einaste vestlending tenkjer på når dei besøkjer austlandet. Veg.

— Eg møtte med stortingspolitikarar frå Ap som sit i transportkomiteen og snakka om kor viktig det er med framdrift på E39-arbeidet for Sveio. Særleg prosjekta Hordfast og Bokn – Bømlafjorden. Eg har rett og slett «lobbya» opp mot mine stortingsrepresentantar, humrar Erve.

Powered by Labrador CMS