Sal i strid med leigeavtalen inneber risiko for at fleire båtplassar blir selde til grunneigarar utanfor Gramshaug I og II, skriv Håkon Johnsen Skimmeland. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Sal i strid med leigeavtalen inneber risiko for at fleire båtplassar blir selde til grunneigarar utanfor Gramshaug I og II, skriv Håkon Johnsen Skimmeland. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

«Sak om båthamn på Tittelsnes»

Formannskapet handsama sak om båthamna på Tittelsnes i møte måndag 20. mars d.å.  Haugevegen båtforening har avtale med Sveio kommune om leige av kommunal eigedom for etablering av båthamn. Leigeavtalen inneber vederlagsfri leige av eigedomen for 50 år. Det har vært eit grunnleggande føremål og vilkår for leigeavtalen at berre grunneigarar på det kommunale byggefeltet Gramshaug I og II som skal ha rett til å ha båtplass.

Kommunen sin motivasjon var her å gjera dei kommunale tomtene meir attraktive – og med det bidra til få fleire innbyggjarar til kommunen generelt og til Valestrand krins spesifikt.  Leigeavtalen er difor heilt klar på at det ikkje er adgang for å selje båtplass til grunneigarar utanfor Gramshaug I eller II.

Så har likevel ein båtplass blitt seld til ein grunneigar utanfor Gramshaug I og II i klar strid med leigeavtalen, og utan at kommunen blei informert på førehand. I stadenfor har båtforeininga bedt om å få revidert leigeavtalen slik at det avtalestridige salet av båtplass likevel blir i samsvar med ein (ny) leigeavtale med kommunen.

Rådmannen sitt framlegg til vedtak i den aktuelle saka gjekk ut på at brot på leigeavtalen måtte bli retta av båtforeininga.  Dette støtta underteikna i lag med KrF sin representant. Fleirtalet i formannskapet gjekk i staden inn for:

«Rådmannen gis i oppdrag å forhandle fram ei minneleg løysing med kjøpar og båtforening.
Avtalen skal sikre at framtidige salg blir til fastbuande i Sveio i gangavstand til båthavna.
For den omhandla eigedommen skal det etablerast ein juridisk bindande avtale at denne ikkje kan seljast til andre enn fastbuande i gangavstand til båthavna.
Ei framforhandla løysing skal tilbake til politisk handsaming før den er godkjent.»

Leigeavtalen inneber altså vederlagsfri bruk av kommunal eigedom for ein periode på 50 år, kor dei skulle få etablert ei båthamn. Dette representerte eit unikt og flott tilbod for innbyggjarane på Gramshaug I og II. Eit slikt unikt tilbod kan ein ikkje utan vidare kunne gå ut frå at kommunen har høve til å gje alle sine innbyggjarar. Dette i seg sjølv forpliktar.

Sveio kommune på si side har plikt til å forvalte sin kapital/verdiar på ein forsvarleg måte. Å syte for at leigeavtalen blir følgd i samsvar med sitt klare føremål blir difor ei viktig oppgåve for kommunen i så måte, og leigeavtalen har sjølvsagt forplikta båtforeininga i like stor grad.

Sal i strid med leigeavtalen inneber risiko for at fleire båtplassar blir selde til grunneigarar utanfor Gramshaug I og II, samt at båtplassane blir selde til eigarar av fritidsbustader i staden for heilårsbustader. Denne del av saka gjeld det reint privatrettslege, og privatrettsleg så har saka også reist ein anna prinsipielt viktig problemstilling.

Dette er knytt til at ein grunneigar eig meir enn ein båtplass. Dersom ikkje kommunen syt for å ta opp dette i samband med sak om tolking av leigeavtala, så risikerer ein i tillegg at båthamna — som tross alt ligg på kommunal eigedom — kan bli fullstendig privatisert, og det også til reint kommersielle føremål.  Om også dette blir mogleg, har ein i så fall fullstendig vatna ut ein ellers klar leigeavtale.

Ut frå dette meiner eg at fleirtalet i formannskapet sitt vedtak er ei rein falitterklæring. Ikkje berre honorerer ein eit klart brot med ein både klar og unik leigeavtale, men ein forvaltar også kommunal kapital/ verdi på ein uforsvarleg måte. Dette er eg redd blir totalt øydeleggande for andre tilsvarande flotte initiativ i Sveio kommune — intiativ som eg ynskjer å heie fram.

Håkon Johnsen Skimmeland,
formannskapsrepresentant Sveio Ap