Kjell Gunnar Nymark er ny leiar for Sveio Senioruniversitet. ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK
Kjell Gunnar Nymark er ny leiar for Sveio Senioruniversitet. ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK

God aktivitet i Sveio Senioruniversitet

Måndag 20. mars hadde Sveio Senioruniversitet besøk av Henry Torsen og Alf Henden. Dei fortalde om nærbutikkane på Haugalandet. Me fekk sjå bilete frå og høyra historier om fleire butikkar i Sveio, ein del i Haugesund og nokre andre stader i distriktet.

Butikkane dei fortalde om, var berre nokre få av alle dei butikkane dei har omtala i to bøker. Mange fine historier frå ei tid der det var ein daglegevarebutikk på kvart hjørna eller rundt kvar sving.

Tur til Huglo

Tidlegare i vinter hadde senioruniversitetet besøk av Karvel Strømme frå Fitjar. Han viste bilete frå Island og fortalde om potetfarten frå Fitjar til Bergen.

Siste programpost i vår er tur til Huglo. Her er det laga ei flott samling av omnar. Dette blir ein dagstur som folk kan melda seg på. I det såkalla omnhuset vil me få servert heimelaga suppe, kaffi og heimebakst.

Frå ferjekaien til omnhuset er det gangavstand. Men dei som har lyst å utforska øya nærare, kan ta med bil. Her er kalkgruver, natursti og visstnok også ein liten dyrepark. Denne turen kjem det annonse om seinare.

Årsmøte og nytt styre

Under samlinga førre måndag blei det også halde årsmøte. Helge Matre leia dette. Han har vore leiar i mange år, og ønskte nå avløysing. Men han held fram i styret eit år til. Det nye styret ser nå slik ut:

  • Kjell Gunnar Nymark, leiar
  • Johanne B. Jacobsen, kasserar
  • Astrid Hovda, skrivar
  • Helge Matre, styremedlem
  • Hjalmar Lokna , varamedlem
  • Ingeborg Epland, varamedlem
  • Johannes Vandaskog, revisor
  • Svein Brekke, valkomite
  • Lars Bua, valkomite

Godt og vel 60 personar fann vegen til Vigdartun denne måndagsettermiddagen. Rundt borda kosa folk seg med kaffi og kringle etter foredrag og årsmøte. Og på senioruniversitetet er det berre å møta opp! Her er inga påmelding og ikkje medlemsskap. Frå hausten vil prisen for å delta vera 150 kroner per person.

Astrid Hovda, skrivar