nyhende

Didrik Espeland
Didrik Espeland er lege og har forska på isbading.

Lege har forska på isbading: — Har positiv effekt

Didrik Espeland er ein lege utanom det vanlege. Han byrja med bading i kaldt vatn for fem år sidan, og forska på korleis kroppen vart påverka då han skreiv masteroppgåva si. — Det kan ha positiv effekt på helsa, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Då han skulle skriva masteroppgåva si under legestudiet, fall valet på noko han sjølv var interessert i, nemleg dei positive helseeffektane som kjem av å frivillig utsetja seg for kaldt vatn. Didrik Espeland hadde allereie då fleire års personleg erfaring.

Han er fortalt om sveibuen Tony Andre Stuvik, og korleis Stuvik meiner det påverkar han. Espeland er samd, og forklarar at Stuvik er inne på noko.

— Det er framleis mykje som er ganske usikkert, men det er enkelte funn som er samsvarar med ein positiv effekt på helsa, seier Espeland.

Positivt for mykje

Under forskinga si las han veldig mange studiar som alle var forskjellege frå kvarandre, og dei var basert på spørjeskjema. Difor er eit heilt klart svar er vanskeleg å gje.

— Men resultata er såpass overveldande gode at dei ikkje bør bli oversette, seier han.

Eksempel på både det mentale, som Stuvik snakkar om, og fysiske, har Espeland mange av.

— Jamleg kuldebad ser ut til å betra symptom på depresjon, angst, revmatisme, fibromyalgi og astma. I tillegg til å ha ein positiv effekt på kroppslege spenningar, slappheit, humør og til og med hukommelse, seier han.

Det trur Stuvik har noko for seg.

— Eg var i slutten av ein depressiv fase då eg byrja, så det føler eg kan stemma. Også det med hukommelse. Eg reagerte på at eg hugsa svært lite den tida, men merkar at det er betre no enn før eg byrja å bada, seier Stuvik.

Kan skapa sunnare fett

Espeland meiner det er særleg interessant kva sjølve kulda gjer med kroppen.

Ein automatisk refleks er at den prøver å halda varmt blod unna dei kalde områda, og difor blir blodårane snevra inn dei fleste plassane på kroppen. Så byrjar kroppen å skjelva for å halda varmen,

— Dette forbrenn energi og kan produsera fem gonger så mykje varme som til vanleg, seier Espeland.

Det aktiverer også noko som heiter brune fettceller, som brukar dei vanlege kvite fettcellene til å skapa meir varme.

— Det ser ut til at jamleg kuldebading kan auke mengda brunt fett i kroppen, seier han.

Må oppleva ubehag for å takla det

Forutan openbare atterhald om medisinske tilstandar, og at ein skal vera forsiktig, kan ubehaget vera ein god ting.

— Menneske er fullstendig avhengig av å utsetja seg for stressreaksjonar for å handtera både kroppsleg og mentalt stress, seier Espeland.

Når kroppen blir utsett for kalde bad, kjem kuldesjokkresponsen med auke i puls, blodtrykk og gisping etter pust.

Stresshormonet kortisol er det som står bak mykje av dette, forklarar han. Så viss ein kuldebadar jamleg, vil sjokkresponsen roa seg.

— Kroppen ser ut til å gradvis utvikla betre emne til å bevara kjernetemperatur, tåla betre kuldesmerte og generelt redusera sjokkreaksjonen frå det kalde vatnet, seier Espeland.

— Kor lenge bør ein maks vera i kaldt vatn?

— Alle studiane me såg på hadde ulike temperaturar, tider i vatnet og aktivitetar. Då vert det vanskeleg å gje gode svar. Men nokon av resultata kom etter berre kort tid i vatnet, 1-2 gonger i veka gjennom ein vintersesong, seier Espeland.

Personleg erfaring

Så på ein måte er det berre å hoppa i det. Men samstundes fortel den isbadande legen at når ein først har byrja, må ein halda fram for å behalda godane.

— Dessverre er det også teikn som tyder på at nokon av dei fysiologiske endringane blir reverserte dersom ein sluttar over ein lengre periode med kuldebada, seier han.

— Kva er di personlege erfaring?

— Eg byrja for fem år sidan med nokre vener, og trivst framleis med det. Ein veldig flott oppleving, avsluttar Espeland

Powered by Labrador CMS