Det er svært gledeleg å sjå at fleire parti ynskjer å erstatte den gamle Sveio barnehage med ein ny Sveio barnehage i sentrum utan at ein no skal auke kapasiteten, skriv Asle G. Halleraker.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Det er svært gledeleg å sjå at fleire parti ynskjer å erstatte den gamle Sveio barnehage med ein ny Sveio barnehage i sentrum utan at ein no skal auke kapasiteten, skriv Asle G. Halleraker.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

«Ny kommunal barnehage i samanheng med sak om habilitering»

No er me inne i spanande tider for ny kommunal barnehage i Sveio sentrum. Det er eit etterlengta prosjekt for store og små. Etter om lag 40 års drift i same lokale, og stadig strengare krav gjennom statlege føringar og pålegg, står ein i røynda føre to val:

Enten ein kraftig rehabilitering og ombygging av bygningskroppen,
eller å bygge heilt nytt.

Ombygging, flikking og spøting på det gamle har vore ein kontinuerleg prosess dei siste tiåra, så dersom nokon ser for seg ombygging av den noverande bygningsmassen, er det like godt å rive alt for så å bygge nytt på den same tomta.

Det er likevel ikkje det beste alternativet for Sveio barnehage. Det aller beste alternativet er å bygge ein heilt ny barnehage som erstatning for den gamle. Hovudgrunnen til at det er den beste løysinga, er at ein må sjå ein heilskap i dei kommunale tenestene. Sveio kommune treng fleire bustader til menneske som treng habilitering; altså ein tilpassa tilrettelegging i kvardagen av ulike grunnar. Sveio kommune har ein leigeavtale med slike bustadar som går ut i 2024.

Dersom ein greier å samle desse bustadane i eit bufellesskap, kan ein både auke kvaliteten på tenestene til desse menneska i eit fellesskap og ein greier å nytte ressursane betre frå kommunalt hald.

Riv den gamle – bygg nytt for habilitering og bygg ny kommunal barnehage

Ei oppsummering er difor å rive gamle Sveio barnehage og erstatte den med bustadar for habilitering på ei kommunal tomt i nær samanheng med allereie eksisterande bygningar i Åsveien som i dag nyttast til habilitering. Då vil ein få laga eit bufellesskap som er til det beste for brukarane og til det beste for bruk av dei kommunale kronene.

I tillegg vil ein då bygge ein ny kommunal barnehage i Sveio sentrum som erstatning for den gamle på ei tomt som no er ferdig regulert klar for bygging. Ein ny barnehage vil kunne oppfylle alle krav som er i dag for tilrettelegging til born som treng noko ekstra og til den beste kvardagen for smårollingane som er der, og for alle dei dedikerte og kompetente vaksne som skal ha ein god arbeidskvardag der drifta skal vere optimalisert for å yte dei beste tenestene med god omsorg og læring.

Politiske vedtak og prosess

Sveio KrF er det einaste partiet i formannskapet som ikkje ønsker å byggje ny barnehage i Sveio sentrum. Grunngjevinga er, slik eg har oppfatta det, at det allereie er god og tilstrekkeleg barnehagekapasitet i Sveio kommune no og i næraste framtid.

Alle andre parti i formannskapet ønsker å gå vidare med planane om ny kommunal barnehage i sentrum, jf. Protokoll frå sist formannskapsmøte. Det som gjer at ein sender saka attende til rådmannen er punkt 2 i kommunestyrevedtaket av 21.02.23 i sak KOM-016/22:

«Det er ønskeleg at ressursbruken knytt til planlegging [av ny barnehage] blir redusert til eit minimum gjennom førespurnad / bruk av «hyllevarebarnehagar» frå dei største leverandørane, framfor eigenutvikla løysingar i kommunal regi. Dette vil kunna redusera ressursbruk og gi kortare realiseringstid.»

Rådmannen svara dette opp med grunngjeving i særleg to punkt:

I så store bygg vil alle, både private og offentlege utbyggjarar, vere nøydt til å nytte arkitekt i større eller mindre grad.
Rådmannen poengterer at lov om offentlege anskaffingar ikkje gir moglegheit for å ekskludera kompetente tilbydarar eller entreprenørar anna enn på sakleg grunnlag.

Rådmannen sitt framlegg blei sett opp mot framlegget frå Teikari (FrP). Resultatet blei 5–2 i favør av sistnemnde. Mindretalet: Ap. (Ap gjekk inn for rådmannen sitt framlegg, jf. Møteprotokollen.)

FOR- 038/23 Vedtak:

1. Formannskapet godkjenner ikkje skisser eller prosess, slik det ligg føre per i dag.

2. Saka blir sendt tilbake til rådmannen. Rådmannen blir bedd om å tilstreba å løysa kommunestyret sitt vedtak inkludert punkt 2 i tråd med intensjonane: «Det er ønskeleg at ressursbruken knytt til planlegging blir redusert til eit minimum gjennom førespurnad / bruk av «hyllevarebarnehagar» frå dei største leverandørane, framfor eigenutvikla løysingar i kommunal regi. Dette vil kunna redusera ressursbruk og gi kortare realiseringstid.» Behov for avklaringar rundt forventingsoppfølging blir tatt med Side 23av 24 formannskapet før saka igjen blir fremma politisk.

3. Ramma blir halden uendra.

4. Kommunestyret vedtar at ein startar eit skisseprosjekt med utgreiing av prosjekt med nye bustadar til habilitering på tomta i Åsvegen. Det blir tatt sikte på å komma tilbake til politisk nivå med dette i siste møteserie 2023.

I det nye vedtaket vil eg rose formannskapet som har einast om punkt 4, der ein verkeleg ynskjer å løfte prosjektet omkring nye bustader til habilitering. Finn ein løysingar saman med ny kommunal barnehage, vil disse to prosjekta samla sett bli svært gode og noko som eg vil støtte heilhjarta.

Fullstendig møteprotokoll frå formannskapsmøtet 20.03.23 finn ein her

Betre kvalitet og betre drift

I kraft av mitt leiarverv i HOK tok eg i sist veke initiativ til ei synfaring i Sveio barnehage. Invitasjonen gjekk ut til alle gruppeleiarane i dei politiske partia i Sveio, og toppleiinga i kommuneadministrasjonen saman med einingleiar for Sveio barnehage. Oppmøtet var utruleg bra og viser at me både har ein administrasjon og samling politikarar som verkeleg ynskjer meir kunnskap og innsikt omkring denne saka.

I etterkant av synfaring har administrasjonen fått ein del konkrete spørsmål som mellom annan går på drift og samspelsfordelar ved å sjå saka om ny barnehage i samanheng med saka om habilitering. Dersom Sveio kommune kan greie å drifte betre ved å sjå desse to sakene i samanheng samstundes som kvaliteten på tenestene vil bli betre, så meiner eg at me er komen langt i å vere i stand til å fatte gode politiske vedtak til det beste for innbyggjarane våre.

Det er ikkje berre for dei små som skal gå i barnehagen og for dei som treng habilitering, men det er eit spørsmål om å fatte dei beste løysingane for Sveio inn i dei neste tiåra. Det er ei stor oppgåve, og det er eg viss på at mine politiske kollegar tar på største alvor.

Dei beste vedtaka krev klokskap og eit tverrpolitisk handverk for å finne dei beste løysingane for Sveio. Eg har tru på at me skal få det til, dersom svara frå rådmannen gir oss eit godt vedtaksgrunnlag. Me får svaret på det i formannskapet 17. april der saka kjem opp igjen. Formannskapet blir strøyma på nettet, så her er det berre å følgje med.

Asle G. Halleraker,
leiar HOK og uavhengig representant i kommunestyret