Forslaget er på ein måte ein Flokehytte-variant, som er det beste dømet på korleis forslaget er tenkt gjennomført, skriv Lars Einar Hollum. ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Forslaget er på ein måte ein Flokehytte-variant, som er det beste dømet på korleis forslaget er tenkt gjennomført, skriv Lars Einar Hollum. ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

«Svar til ordføraren og Håkon Skimmeland»

Ordføraren og Håkon Skimmeland går i eit lesarinnlegg den 3. april i Vestavind vedrørande ny kommunal barnehage i Sveio sentrum sterkt ut mot dei politiske kollegaene sine. Her blir desse stempla som sinker og nokon som ikkje ønskjer utvikling for Sveio.

Begge påstandane er sjølvsagt heilt feil. Særleg oppsiktsvekkjande er dette angrepet, all den tid Ap har sete med ordførar og «regjeringsmakt» i Sveio dei siste åtte åra.

Me deler likevel ordføraren og Skimmeland sin frustrasjon då svært lite har skjedd av utvikling av Sveio i denne perioden. Ikkje eingong å få lagt ned grendeskulane klarte ordføraren og Skimmeland. Her vart dei heldigvis stoppa av «Brølet frå bygda».

Høgre ønskjer sjølvsagd utvikling av Sveio, men me erkjenner samtidig at me kan ikkje klara å gjera alt på ein gong. Oppgåvene er mange, og alle er veldig viktige prosjekt for oss som bur her og for utvikling av Sveio som ein god plass å leva. På oppgåvelista vår står badeanlegg, nyskapande idrettsanlegg, nytt oppvekstsenter i Valevåg, habiliteringsbustadar, nye omsorgsbustader, ny Rophusveg, barnehage sentrum, gammal del kommunehus. I tillegg kjem arbeidet med  kommuneplanen og anna overordna planlegging som er viktig for å få til vekst.

Med så mange oppgåver har ikkje kommunen nok ressursar, verken økonomisk eller personell, til å løysa dette på ein gong. Derfor krev det at me som politikarar må prioritera kva me skal ta først og sist. Når slik prioritering skal gjerast så meiner me i Høgre at dette må gjerast ut frå kor kritisk er det å få løyst oppgåva, basert på best mogleg faktagrunnlag og den økonomiske gevinsten for samfunnet. Ein slik prioriteringsprosess vil me gjera på lag med rådmann, ordførar, Skimmeland og resten av dei flotte kollegaene våre i kommunestyret.

Lars Einar Hollund og Mikal Møller Hovda
Sveio Høgre