nyhende
— Burde ikkje ha vore avhøyrt i den tilstanden
Advokat Odd Rune Torstrup representerer mannen som er sikta for machete-angrepet på ein politimann i påska. Han meiner sikta ikkje burde ha vore avhørt grunna tilstanden han var i under avhøyret.
— Han skal gje forklaringa si til politiet, seier Odd Rune Torstrup.
Han representerer mannen som er sikta for eit machete-angrep på ein politimann. Angrepet fann stad på påskeaftan på Lyngholm i Sveio.
— Korleis stiller klienten din seg til skuldspørsmålet?
— Han nektar straffskuld, svarar Torstrup.
Annonse
På spørsmål om kva klienten si side av saka er, kjem Torstrup med kritikk av politiet.
— Han er avhøyrt, noko som står i fleire medier. Men han skulle ikkje ha vore avhørt i den tilstanden han var i på det tidspunktet. Han var rusa, seier Torstrup.
— Meiner du at politiet har gjort ein feil?
— Det kan dei ha gjort. Det skal me finna ut av, svarar Torstrup.