nyhende
Sikta for drapsforsøk
Ein mann i 30-åra er sikta for drapsforsøk i Sveio påskeaftan. Ein politimann fekk eit hogg frå ein machete.
Ein mann er sikta for drapsforsøk etter han gjekk til angrep på ein politimann. Hendinga skjedde på Lyngholm påskeaftan.
Ifølgje Stavanger Aftenblad skal det vere snakk om ein machete, og politimannen skal ha vorte ramma av den.
Sør-Vest politidistrikt har tidlegare bekrefta til Vestavind at ein person er meldt for straffbare forhold, og at det er snakk om drapsforsøk.
Grunna at fornærma er ein politimann tilsett hos Sør-Vest politidistrikt, vart saka overført til Agder politidistrikt. Klokka 12.00 i dag vil dei uttala seg om saka.
Kledde seg naken
Eit vitne såg berre kva som hendte før angrepet. Ho sat på hytta si og såg frå vindauga at ein mann byrja å kle av seg.
— Han kledde seg naken og skulle bada eller noko, seier vitnet til Vestavind.
— Korleis virka han då?
— Me trudde han var berusa eller noko, seier hytteigaren.
Full oppstandelse
Ein stund seinare merka ho at politiet hadde kome.
— Då var det full oppstandelse med blålys, seier vitnet.
Ho vart seinare fortalt at det skal ha vore bruk av narkotika involvert.
Lyngholm er eit område med både bustader og hytter vest i Sveio.