Arne Valen kjem med kritikk av dei nye kosthaldsråda.
ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK
Arne Valen kjem med kritikk av dei nye kosthaldsråda. ARKIVFOTO: EINAR VESTVIK

«Bilstøtte til flyktningar»

Sveio Senterparti vil at kommunen skal busette flyktningar fleire stader enn i Sveio sentrum og Førde. Busetting av flyktningar i Valestrand, Auklandshamn og Vikse der det og er barnehage og skule, vil gje eit befolkningstilskot til bygdene og bidra til god integrering i nærmiljøa.
Men det er ei nødvendigheit å ha bil når ein bur i distrikta der offentleg kommunikasjon er mangelfull. Senterpartiet føreslår difor at kommunen gjev pengestøtte til kjøp av bil.

Kommunestyregruppa til Senterpartiet tok opp tema busetting av flyktningar i ein interpellasjon på kommunestyremøtet 17. april. Ein godtok svaret frå ordføraren som gjorde greie for tema i «Plan for busetting og integrering av flyktningar i Sveio kommune». Slik er kommunen sin busettingspraksis i dag i prioritert rekkefølgje:

Busetting i kommunale bustadar i Sveio sentrum og Førde
Busetting i private bustadar og fritidsbustadar i Sveio sentrum og Førde
Busetting i private bustadar og fritidsbustadar  langs E39
Vurdere alternative bustadsløysingar
Kommunale kjøp  av bustadar,
Busetting i private bustadar og fritidsbustadar i mindre sentrale område og finne løysing på transportutfordringar, som til dømes avtale med trafikkselskap eller tilsetting av sjåfør/miljøarbeidar.

Styresmaktene oppmodar kommunane om å tenka kreativt i busettingsarbeidet. Senterpartiet ser ikkje på kommunens busettingspraksis som særleg kreativ. Prioriteringsrekkefølga utelet tilbodet om høvelege bustader som finns i bygdene der det er det beste alternativet. Det er private bustader tilgjengeleg for sal og utleige i sveiobygdene utanom Sveio sentrum og Førde.

Transportutfordringane det medfører vil kommunen løyse ved bruk av trafikkselskap eller tilsetting av sjåfør/miljøarbeidar. Senterpartiet trur ikkje dette vil passe  flyktningefamiliane sine behov for fleksibilitet når barn skal køyrast til idrettsaktivitetar eller andre sosiale møteplassar. Flyktningane treng hjelp til å skaffa seg bil. Sveio Frivilligsentral har i fleire år organisert tilbod om øvingskøyring for dei som vil ta førarkort. Det har gitt mange flyktningar mogelegheit til å bli buande i Sveio.

Sveio Senterparti føreslår pengestøtte til flyktningar som vil skaffa seg bil slik dei gjer i kommunane i Askvoll og Ullensvang. I Askvoll kommune gjev dei 50.000 kroner i støtte til dei ukrainske flyktningane som vil kjøpa seg bil. Halvparten ev pengane blir gitt i rein støtte, medan resten er rentefritt lån. Ordførar Ole Andre Klausen (H) seier til NRK og Firda at dei soleis kan bruke større delar av kommunen til busetting. Dei har slite med å finne nok bustader i sentrumsområda til flyktningane sine.

Sveio kommune ønskjer å vera eit inkluderande lokalsamfunn som ser på flyktningar som ein berekraftig ressurs. Kommunen kan busette flyktningar i fleire delar av kommunen om ein gjev pengestøtte til at dei kan skaffa seg bil. Det vil gjera integreringa god i lokalsamfunna og styrka barnehagane og nærskulane der.

Arne Valen og Sveio Senterparti