nyhende

Martin C. Kviteberg (t.v.) i AlltiMat og styreleiar Kristian Wathne i Forretningsbygg Stølen A/L. ARKIVFOTO: PRIVAT
Martin C. Kviteberg (t.v.) i AlltiMat og styreleiar Kristian Wathne i Forretningsbygg Stølen A/L.

Satsar på ny butikk i Auklandshamn

Går alt som planlagt, vil Auklandshamn få butikk igjen i sommar. Den blir delvis sjølvbetent, og opningstida vil bli utvida. No er AlltiMat på jakt etter dagleg leiar og butikkmedarbeidar.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag kveld hadde Martin C. Kviteberg i AlltiMat møte med styret i Forretningsbygg Stølen A/L der nærbutikken heldt til.

— Det var veldig positivt, og no gjenstår det berre ein del formelle ting. Mellom anna må me få godkjenning frå Mercur og tilskotsmidlar sidan me er eit nytt selskap. Me reknar med at dette går greitt, og går alt etter planen vil butikken kunna opna i juli, seier Kviteberg.

Sjølvbetent og lang opningstid

Butikken blir i sjølvbetent, men nokon må gjera alt butikkarbeidet utanom scanning i kassa. Og det vil vera tilsette der delar av døgnet.

— Me treng nokon lokalt til å driva butikken. Det fekk me positive tilbakemeldingar på at ville ordna seg, så no er me på jakt etter dagleg leiar og butikkmedarbeidar, seier Kviteberg.

Opningstida vil i utgangspunktet bli mellom klokka 06.00 og 24.00, men Kviteberg ser ikkje vekk frå at det kan bli døgnope.

— Kundane låser seg inn ved å bruka Vipps, handlar og scannar varene i kassa. Dei som ikkje har Vipps, eller ikkje er komfortable med å bruka Vipps, vil få eit eige butikkort, fortel Kviteberg.

Svensk kjede

Halsnøybuen er saman med ein kollega ansvarleg for å etablera kjeden i Noreg. AlltiMat er svensk, og har til no opna 70 butikkar i Sverige. Kviteberg driv også den første AlltiMat-butikken i Noreg. Den blei opna i Bergen i november i fjor. No er det fleire butikkopningar på gang rundt om i landet.

— Litt av visjonen vår er å få butikkar tilbake i bygdene der lokalbutikken enten er lagt ned, eller står i fare for å måtta legga ned, fordi det ikkje er lønsamt å driva butikk på vanleg måte, seier Kviteberg.

Under møtet torsdag kveld blei han invitert til å delta på årsmøtet til Auklandshamn Bygdalag for å presentera konseptet, og det vil han prøva å få til.

— Positivt for heile bygda

Styreleiar Kristian Wathne i Forretningsbygg Stølen A/L er ikkje uventa veldig nøgd med å få drift i butikklokalene igjen.

— Det har ikkje vore det same utan butikken. Å få butikk igjen er positivt for heile bygda. Ikkje berre for å kunna handla, men også fordi det er ein viktig møteplass for bygdafolket. Me satsar på at dei formelle tinga går i orden, og håper at butikken opnar rundt 1. juli, seier Wathne.

Styreleiar i Auklandshamn Bygdalag, Gerd Jorunn Christiansen synes det er veldig, veldig kjekt å få butikk igjen.

— At den blir sjølvbetent og skal halda ope lenger, trur eg er ein stor fordel for mange i bygda. Det vil bli noko betening i løpet av dagen, så då vil det gå greitt å handla for dei som synes sjølvbetening er litt skummelt, seier ho.

Powered by Labrador CMS