Fagfolk er ein dyrebar ressurs som me må ta vare på, viss me òg i framtida skal ha ei helse- og omsorgsteneste i verdsklasse, skriv Sigrun Bøe Perez. FOTO: PRIVAT
Fagfolk er ein dyrebar ressurs som me må ta vare på, viss me òg i framtida skal ha ei helse- og omsorgsteneste i verdsklasse, skriv Sigrun Bøe Perez. FOTO: PRIVAT

«Anerkjenn fagfolka!»

Fagfolka er kjernen i helsetenesta. Utan fagfolk har me ikkje helsetenester. Dei som er på golvet, som møter pasientar, som held logistikken i gang og som held lokala reine. Fagfolk er ein dyrebar ressurs som me må ta vare på, viss me òg i framtida skal ha ei helse- og omsorgsteneste i verdsklasse.

For lenge har me kasta bort fagkompetanse. Medan sjukepleiarane våre vart smurt meir og meir tynt utover og får fleire og fleire oppgåver, har tendensen vore motsett for til dømes helsefagarbeidarane. Dette er ein trend som ikkje går i lengda. Me kan ikkje basere tenesta på overarbeida sjukepleiarar som skal gjere «alt» – dei må få tid til å gjere kjerneoppgåvene deira, og tid til å gjere dei med den kvaliteten som yrkesstoltheita og -etikken tilseier.

Samstundes vart fagarbeidarane våre stadig undervurdert. Oppgåver vert tildelt meir basert på tradisjon enn faktiske vurderingar av reell kompetanse, og høvet til å utvikle seg i jobben er tynt.

Løysinga på båe desse utfordringane er betre oppgåvedeling, og skal me møte framtidas behov for tenester kjem ein ikkje utanom dette. Det gler oss at mange stader jobbar godt med oppgåvedeling. Rapporten om oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre i sjukehusa som kom i fjor var oppløftande, og KS sitt TØRN-prosjekt har mange spennande pilotar. Likevel går arbeidet for seint.

No er tida for å kome med eit skikkeleg løft. Me må leggje bort profesjonskampen og utdaterte tradisjonar, og sjå framover. Helsepersonellova seier at alt me gjer skal vere «fagleg forsvarleg», og det er dette me må leggje til grunn for alt me gjer. Spørsmålet ein då må stille seg er «korleis kan me setje våre tilsette i stand til å løyse oppgåvene me har?».

Kompetanseheving er nøkkelen. Ikkje ei gammaldags tilnærming kor dei med høgast utdanning får mest høve til kompetanseheving, men ei tilnærming kor ein satsar på heile laget. Dette handlar ikkje om at til dømes ein helsefagarbeidar skal plutseleg bli ein sjukepleiar. Det handlar om å anerkjenne faget til helsefagarbeidaren, og at utdanninga legg eit solid grunnlag for vidareutvikling som ein må leggje til rette for.

Helsepersonellkommisjonen seier at me må satsa meir på utdanning av fagarbeidarar som er relevante for helse- og omsorgstenestene. Kommisjonen foreslår og å setje i gang eit systematisk og forpliktande kvalitetsutviklingsprogram, som skal fremje betre organisering av arbeidsprosessar og riktig oppgåvedeling i helse- og omsorgstenestene. Fagforbundet vonar at desse forslaga blir teke på alvor.

Me har ei utruleg bra helseteneste. Tenk kva me kan få til når me nyttar kompetansen til alle. Helsesekretæren, portøren, helsefagarbeidaren, barsel- og barnepleiaren og alle dei andre undervurderte fagfolka i tenesta. Ikkje berre vil tenesta bli betre for pasienten, men den vert òg betre for alle dei andre som jobbar i den, og som då faktisk får lov til å fokusere på kjerneoppgåvene sine.

Det er på tide å anerkjenne fagfolka. Alle fagfolka. Den einaste måten å løyse oppgåvene er saman. Då må me få fart på arbeidet med oppgåvedeling.

Sigrun Bøe Perez

Yrkesseksjonsleder helse og sosial Fagforbundet Vestland