nyhende

Farleg føyse: — Den er ganske roten

Ei populær føyse på ein leikeplass i Valevåg har omfattande roteskade. — Det held sikkert lenge, men plutseleg så knekk det, seier naboen. Kommunen lovar å ha fiksa det før sommaren.

Publisert Sist oppdatert

— Eg oppdaga det for ein stund sidan. Då eg tok fingrane oppi holet oppdaga eg at den var ganske roten, seier naboen som ynskjer å vera anonym.

Han bur i nærleiken til den mykje brukte leikeplassen i Valevåg. Der står det ei føyse som er populær hos fleire, men som har roteskadar.

Blir mykje brukt

— Det er ein heil del ungar som går her. Det er barnehageungar, skulebarn og ikkje minst hyttefolk som kjem hit, seier naboen.

Han sendte nyleg inn ei varsling til kommunen om føysa. Trestolpane er gamle, og eit av festa har djup rote og eit hol ved sidan av. Det synest han verkar farleg, og trur det berre er eit spørsmål om tid før den går sund.

— Eg veit ikkje om den ryk denne sommaren. To tyngre personar på den, så skal det ikkje mykje til, seier naboen.

— Korleis ser festet til føysa ut?

— Det er omringa av rote. Eg kan plukka ned mykje rote viss eg vil, men eg vil ikkje gjera det verre, seier han.

Pill roten

Er det så laust at ein kan plukka med fingrane?

— Ja. Du kan plukke ut litt tre. Eg kjente at det var hardt innerst. Eg vil ikkje gjera meir skade enn det er, men ein kan plukka det ut, svarar han.

Han har ikkje fått noko svar frå kommunen, og forklarar at det å fiksa det må verta deira ansvar.

— Det er ikkje eit Valevåg Vel lengre. Dei vart einige om å legga det ned, så no er det kommunen sitt ansvar, seier naboen.

No som vêret vert betre vil bruken av føysa truleg auka, og risikoen samstundes.

— Det skal ikkje så mykje til. Det held sikkert lenge, men plutseleg knekk det, seier han.

Reparera eller erstatta

Frederik Aalo Flood i Sveio kommune seier dei er på saka.

— Me skal gjera noko med det, seier han.

Flood er einingsleiar for drift- og anleggsavdelinga, og fortel at dei har varslinga på lista si.

— Me skal gje ei tilbakemelding til varslar, og så skal me ordna det før sommaren, seier han.

Einingsleiaren stadfestar at det er ein kommunal leikeplass, og at dei sit med ansvaret for vedlikehald. Han er nøgd med at naboen gav beskjed, og kjem med ros til både han og andre som engasjerer seg i lokalmiljøet.

— Det er mange velforeininigar som gjer ein god innsats på mange leikeplassar. Det er til stor hjelp for kommunen, seier Flood.

— Kva skal dykk gjera med føysa?

— Me skal enten reparera eller setja opp ny, lovar han.

Powered by Labrador CMS