Anne Vierdal
Anne Vierdal ynskjer eldrelandsby i Sveio. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

«Sveio KrF vil ha eldrelandsby i Sveio» 

Som politikarar må vi drøyme stort. Eg drøymer stort for Sveio. Ironisk nok som ein av Sveio KrF sine yngste listekandidat går eg ved årets kommuneval til val for dei eldre og pårørande. Det er langt på overtid at vi prioriteter dei eldste i kommunen.

Vi er nøydde til å byrje å ta demografi og forsking på alvor. Vi blir stadig fleire eldre i landet, også i Sveio. Vi lever lengre og er friskare, men fleire treng også helsehjelp, eller har nedsett kognitiv funksjon som gjer at ein ikkje kan bu heime. Eg vil at ingen skal bekymre seg for å bli eldre i Sveio.

I denne saka har eg fleire roller. Eg er pleiemedhjelpar på Sveio omsorgssenter og kommunepolitikar.

Eg veit derfor at pasientane på Sveio omsorgssenter har det godt, men eg går stadig heim frå jobb med ei uggen kjensle. Då har eg heile dagen sett tomme blikk, opplevd fellesområde som ein evig sovekupé, «gått tur» med pasientar i sterile, lange gangar, sett nokon bli sendt heim, som kanskje skulle vore der lengre. Kanskje hatt med ein pasient til tannlegekontoret, vel vitande om at den fem minuttar lange taxituren er eit av årets høgdepunkt, med dårleg samvit for at vi ikkje har moglegheit til å dra på butikken å kjøpe og nyta ein is med det same vi er i sentrum.

Kortidsavdelinga på SOS blir stadig fylt opp med pasientar som får fast plass. Dette er ein avdeling som er open og dermed ikkje tilrettelagt for personar med demens. Det gjeld også kapasiteten til å aktivisera fysisk friske pasientar med demens — nettopp fordi det er ei avdeling med andre fokusområde. Dette skjer fordi det ikkje er rom til dei på den eine avdelinga vi har som er tilrettelagt for demenspasientar.

Dette er ein skummel trend. Derfor drøymer eg stort — for Sveio, pasientane mine og dei pårørande. Som politikar veit eg at vi har stor makt til å gjere noko med det.

I Nederland har konseptet demenslandsby blitt ein hit. Det har smitta over landegrensene, og i 2020 fekk Noreg sin fyste landsby for eldre i Bærum. Ein plass der alt er i umiddelbar nærleik, i trygge omgivnadar. Tanken er at dei skal kunne leve, så langt det let seg gjere, som før dei vart innlagt. Her har dei butikk, bar, frisør for å nemne noko. Alt på eit lukka område der det er umogleg å gå seg vill.

Eg og Sveio KrF trur at ein eldrelandsby med eit stort uteområde, ein kafé, velværetilbod som frisør og fotpleier, aktivitetsrom, klesbutikk, ein verkstad som er open nokre dagar i veka til dømes, er det beste alternativet for eldreomsorgene si framtid i Sveio. Dette kjem til å føre mykje godt med seg. Ein måte å aktivisere frivillige, gje ettertrakta arbeidsplassar og inntekter til kommunen.

Tenk å kunne gje våre innbyggarar, personar som ikkje er i stand til å bu heime, fridom til å aktivisere seg sjølv og vandre rundt i trygge omgivnadar som ikkje berre inneber kalde korridorar.

Ein veit at så enkle ting som dagslys og enkel stimuli gir betre livskvalitet, mindre aggresjon og ikkje minst betre søvn. Desse enkle tinga er ikkje kvardags for pasientar ved vår sjukeheim. Då må ein ha eit godt nettverk av pårørande rundt seg, og slik er det ikkje for alle.

Her skal det også vera nok bustadar og plassar for einsame eldre, og ektepar skal ikkje skiljast frå kvarandre.

Det er mykje meir som kunne blitt sagt her, men for å oppsummera:

Sveio KrF vil ha ein lukka landsby i for eldre med demens, for einsame eldre, for sjuke eldre som skaper livsgnist, dei små viktige augeblikka og meistring i kvardagen. Eit samfunn der det er moglegheit til å tilpasse kvardagen sin på ein trygg måte. Eit samfunn som ivaretek tryggleik, men også fridom.

Sveio skal ikkje gje dei som bygde kommunen det absolutte minimum. Sveio skal vera den beste kommunen å bli gammal i. Vi må satse stort den kommande perioden og drøyme stort, for dei eldre og dei pårørande.

Anne Vierdal, Sveio KrF