nyhende

Brukar eigen erfaring for å hjelpa ungdomar

Flemming Lothe er både heimekjær og verdsvant. Mannen som har sett og opplevd mykje sjølv, veit kor viktig det er for ungdomar å møtast med openheit og tillit. — Dei følar seg trygge på meg fordi eg er ærleg om kva utfordringar eg har hatt, seier Lothe.

Publisert Sist oppdatert

— Tusen takk, det er sanneleg kjekt å verta verdsett, seier Flemming Lothe.

Han tek i mot ein sommarbukett som fleire sveibuar har nominert han til.

Grunnane deira er dei same: Lothe gjer ein strålande innsats for ungdomar i Sveio.

— Eg er veldig glad for å jobba med ungdom og kultur, seier Lothe.

Kor mange roller og jobbar har du eigentleg?

— Eg er tilsynsansvarleg på Vigdartun i hovudsak. Men eg var med å starta UngSveio under pandemien. Eg driv middagsprosjekt kor ungdomar kjem og lagar middag saman, og så gjer me mykje forskjellig i nærområdet. Det kan vera å fiska eller House of Fun til dømes, svarar han.

Empati med ungdomen

Det er veldig breitt ungdomsarbeid, og det er slik han ynskjer å ha det.

Skal ein vera til støtte for ungdom, så er det ikkje ein formel som passar for alle. Han hugsar godt kor vanskeleg tenåra kan vera.

— Eg hadde ikkje så god ungdomstid, og sleit meg gjennom vidaregåande. Eg synest den tida var ekstremt krevjande, og det er difor eg brenn for å hjelpa andre, seier Lothe.

Jobben hans gjev eit innblikk i korleis dagens ungdom har det. Mykje er likt, men samstundes har det kome enda fleire ting å tenkja på.

— Eg føler veldig med dei, særleg med tanke på det digitale og nettutfordringar, seier han.

Hjelpte med avstand

Lothe er ikkje overraska over at ungdomar slit med konsentrasjonen sin sidan dei er omringa av så mykje distraksjonar i form av sosiale medium og liknande. Så kjem tida i livet då  ein skal finna ut kva framtida til den enkelt blir, i tillegg.

— Eg sleit mykje med angst og depresjon den tida sjølv. Så eg klarar å relatera til dei om slikt, seier han.

Lothe har på skulen ei «open vakt». Døra til kontoret hans er alltid open, og ungdom kjem ofte innom.

— Der kan dei koma inn for å lada telefon og preika, eller berre sitja og vera, seier han.

Løysinga på det han sjølv sleit med var å skapa eit pusterom for seg sjølv. Då reiste han langt vekk.

— I 2004 reiste eg jorda rundt på backpackertur. Først til Egypt, så ned gjennom Nilen og vidare til Dubai. Asia, Singapore, Filippinene, Bali og så til Australia der systera mi budde, seier Lothe og fortset:

— Men Tahiti, Cook Island og sydhavsøyane var min draum, seier han med glimt i auget.

Dessverre kalla Noreg han tilbake til verneplikt.

Det beste med jobben

Som trøst fekk han mogelegheit til å gjera noko anna enn militæret. Sivilteneste i barnehage. Der fann han ein jobb han likte.

— Det som er løye er at mange av relasjonane til barna kjem frå alle åra i barnehagen. No går dei på ungdomsskulen og vidaregåande. Då har eg fått bygd gode relasjonar til dei gjennom liva deira, seier Lothe.

Andre gong rundt jorda var med ein kamerat i 2006. Då slapp han å verta forstyrra heimafrå.

— Har du eit favorittland?

Lothe tenkjer litt og understrekar at alle land har noko for seg.

— Det må vera øysamfunn. Til dømes Filippinene. Eg har funne kjærleiken der nede og skal ned dit i juli, svarar han.

— Kva er det med øysamfunn du likar?

— Det enkle livet og kontakta med naturen. Eg kjenner ein kraftig «ekteheit» i folk og dei har veldig store hjarte. Samhald. Det er sånne ting som er vanskeleg å setja ord på, seier han.

Jorda rundt to gonger

— Kva er noko som du trur mange ikkje veit om deg?

— Kanskje at eg har reisa jorda rundt to gonger? Eller at eg har hoppa i fallskjerm på Hawaii, seier Lothe.

— Og siste spørsmål, kva er det beste med jobben din?

— Ungdomane. Viss ikkje hadde det vore gørr keisamt, seier han med eit smil.

Powered by Labrador CMS